Det kan seiast å ha vore ein snill vinter så langt for oss snømåkarane, men kulden har vi likevel fått kjenne. Kva som foregår i skallen på det grå-brune ikornet, veit eg ikkje.

Ekorn 001

Det er i alle fall behov for godt med mat når gradestokken held seg godt under null.  Det er vel omtrent slik ikornet og tenkjer der han synest å ha fortent noko av overskotet frå dei velfødde gråsporvane. kjøtmeisene, blåmeisene og resten av dei 32 fuglesortane som har vitja foringsplassen vår.

"Kos deg du, din vesle fante," tenkjer eg og unner ikornet ein solid porsjon med solsikkefrø. Dei fire siste morgonane har vi kunne stille klokka etter vår nye gjest som stiller kl. 08.45.