Hvis ikkje kan vi ta ein liten tur innom nettsidene til til dømes Sandnes og Dale:

http://www.dalegarn.com/shop_pattern_detail.php?hId=1365

http://www.sandnesgarn.no/hefter/barn/1306-mandarin-barn-9041306

Volda Mode forhandlar garn frå mange produsentar. Nokre av garnsortane finn du ikkje i dei andre garnbutikkane i Ørsta og Volda og for oss som strikker er dette kjekt. 

Volda Mode har og nettbutikk for den som ikkje bur heilt nær http://www.voldamode.no

Ingrid har også heilt sikkert med seg garn som kan kjøpast på strikkekafeen onsdag kveld.

Garn

Ho får nok ikkje med seg heile butikken, men plukker sikkert ut spennande kvalitetar.

Ei eiga Facebook-side der dei legg ut tips og informerer om nyhende finst og:   https://www.facebook.com/ingrid.salt.7#!/VoldaMode?fref=ts

Vi håper ekstra mange tar turen til Bedehuskjellaren på Sæbø onsdag. Strikkekafeen er ein sosial treffstad på Sæbø og er open for alle i alle aldrar. Ikkje alle strikker eller hekler, nokre kjem berre for å slå av ein prat. Det synest vi er triveleg.

Det er og høve til å kjøpe seg kaffi/te og noko lite å bite i.

Velkomne!

Bedehuskjellaren på Sæbø, like ved Hjørundfjord kyrkje, kl. 19.00 - 22.00.