Som de kan sjå er det god plass mellom den gamle riksvegen og elva på eigedomen til Marta og Karl Frøland.

I framgrunnen kan eg kjenne at Arne Riise i topphue med kvit kant. Ein viss kjend gynekolog, Ottar Rekkedal kan eg også sjå. Kjenner du fleire?

Her er mange kjende fjes for oss som er lett aldrande. Eg kan mellom anna sjå Borgny Mo, og Nikoline Holen som hallar på hovudet. Ho stilte med ei gråkolle som eg hugsar vart premiert. Her er det mange som er spente på resultata.

Eg kjenner i alle fall nr. 2, Andreas Kvistad , med kallenamnet"Bols" og 3, Simon Aklestad, som kosar seg i vegaskråninga.

Her eit miljøbilete, kanskje frå same tida. Karl Barstad, "Rongakalle" til høgre som sikkert er på Kvistad hos Jakob Kvistad "Dresen" med ei purke som skal ha sitt frå rånen til Jakob. Tvergarden i bakgrunnen.
Som de ser så gjeld det å ta seg tida til å hente fram fotoapparatet.
Kjekt om de kan kome med kommentarar om personar og tid.
Det er i alle høve spennande for kvar konvolutt med negativ eg opnar frå det store arkivet til Anders Hustadnes.
Nye tips... (10.01.2013 kl. 21:55)
Ann-Margrethe Steinsvik var på tråden og det var med stor interesse ho hadde diskutert bilder med sine kjentfolk. Damene som er omtalte, stemte med det som først kom ut. Borgny, Nikka, Jenny og Margit. Aldersforskjellen mellom Borgny og Jenny er over 20 år, så det stemmer. Men det var litt i tvil i hennar sine kretsar, om årstalet stemmer og om det ikkje det var to år seinare? Var det det, så var det Arvid Tvergrov som står nermast av gutane, ilag med Bjarne og Ottar Rekkedal og med Arne Riise i topphue. Guten som ein ser berre delvis ansiktet på er Kjell Haugen, meinte ho. Er det 1958 så kan det være Irene Osvoll den miste jenta som står ilag med Kari Frøland.Mannen som står framoverbøygd i hatt er Anders Tryggeseth.
Ivar Svein Mo
Folk er engasjerte... (10.01.2013 kl. 17:05)
Det er stor interesse for bilda som Knut har lagt ut og det er akkurat det som Knut og bildenemnda ynskjer, men det er lite kommentare til bilda.
Helge Nordang ringte og synest det hadde vore kjekt å fått fleire synspunkter på desse fire damene som viser så godt på bilde 2. Borgny Moe og Margit Tangen er grei, men sidan han veit at dei to i midten, Nikka og Jenny, skal være like gamle, så synest han at desse to midten ser mykje eldre ut og det kan ikkje være dei. Han etterlyser fleire som har synspunkter her. Guten i svart genser meiner han kan være Elias Tvergrov og mannen i hatt heilt til h. kan være Johan Solhaug.
Ivar Svein Mo
Tips... (09.01.2013 kl. 13:05)
Eg fekk eit tips på telefonen at på bilde 2 er det Jenny Aklestad (Arne-Jenny) og Margit Tangen som står til høgre for Borgny og Nikka. Dette støttar eg.
Ivar Svein Mo
Kjende fjes trur eg... (09.01.2013 kl. 09:17)
På bilde nr.2 ser eg fv.Oddrun Myrhol, Borgny Moe, Nikka Holen,Kari Frøland, Else Mo, Ottar Rekkedal, Bjarne Rekkedal og i framgrunnen "Ellings-Andreas" m.a.
Ivar Svein Mo