Etter at hurtigrutene i prøveprioden på 11 dagar i september valte å gå inn Hjørundfjorden med Urke som ilandstigningsstad, har det vore fleire møte med bygdefolk saman med næringskontoret og Ørsta turistkontor. På eit møte 9. januar i år vart det bestemt av det skulle settast ned eit interimstyre som skulle førebu eit skipingsmøte 27. januar.

Dette styret har no gjort ferdig si innstilling når det gjeld innkalling, framlegg til vedtekter og skipingsdokument. Det siste inneber ei andelsteikning av skiparane av den nye organisasjonen som i framlegget har namnet URKTE UTVIKLING SA.

Innkalling pdf-fil

Detter er framsida på innkallinga til stiftingsmøtet. Klikk på biletet så det blir større!

 

På komande møte blir det gitt ei grundig orientering om organisasjonsform, formål og vedtekter. Av foretaket sitt formål går det fram at det skal arbeidast for ei framtidsretta utvikling og skal kome medlemene til gode. Det skal ytast og samordnast tenester mellom ulike aktørar. I første omgang vil denne aktiviteten femne om tilrettelegging av turistferdsle i området.

Bilete Urke Utvikling SA 010

Helge Ramstad (t.v.) og Torbjørn Urke er medlemer av interimstyret som har førebudd det viktige skipingsmøtet som skal haldast på søndag.

Vi skal ikkje gå i detaljar ut over dette, men vise til innkallinga.  Det er svært viktig at det vert godt frammøte på skipingsmøtet. Møtet følgjer eit spesielt opplegg slik at det er dei som melder seg som skiparar som har stemmerett, medan andre har observatørstatus.

Vi veit at fleire lag og organisasjonar i bygda har eigne møte i forkant av dette skipingsmøtet. M.a. har kailaget og elveeigarlaget møte. Også Urke Grendalag, Urke Landhandel og Småbåteigarlaget og andre reknar ein med vil vere med alt frå starten.

 

Bilde 087 - Kopi (2)

Skal tru om ikkje det som skal skje på stiftingsmøtet kan vere eit svært viktig grep som har stor innverknad på framtida for Urkebygda - også medrekna heile Hjørundfjordområdet. Dersom ein ikkje lykkast som vertskap for Hurtigruten AS og anna turistferdsle, kan framtida bli radikalt forverra.