Det ser ikkje så enkelt ut å betjene fergelemen.
Gamle Julsund var lenge ferge på Hjørundfjorden. Var det den som avløyste "Sosnebben"? Eg hugsar ikkje det rette namnet.
Kjende fjes, men hugsar du namna. Kven sin bil var den siste over lemen, og kven sit i baksetet?
Kva årstal er dette? Biletnemda har bruk for opplysningane.
Kommentarar
Det som er så fint med bileta frå Anders Hustadnes sitt kamera og tilhøyrande tekst, er at mange av opplysningane kan stadfestast ved å gå på fylkesbiblioteket i Ålesund og få sjå den aktuelle utgåva av Sunnmørsposten, antan i papirutgåve eller på mikrofilm. Og det skal eg ta meg av, Knut.
Men la det med ein gong verte sagt: Det er sjølvaste ekspeditøren på Urke kai i meir enn 30 år, Fredrik M. Urke (1902-88) som har kvitskjorte, slips og alpehue. Dette var og hans siste arbeidsdag som ekspeditør. Etterpå overtok Lars I. Urke, men no vart det berre rutebåten morgon og kveld som skulle eksepderast.
Kven andre som er namnsette i avisa, får vi kome tilbake til.
I år 2000 registrert som vraka.
Bjørn Myhre :Ferge nr. 2 bygd i 1948 " Folkestadferga" vart kalla "Sosnebbet.Ho vart seld i 1962 til AUF og transportert til "Utøya".Kjelde: Arnstein Dal.
På denne sida finn ein også bilete av ferga.
Framstig: 1937 / 1947 - ?
Farmand I 1937 - 1939 (?) / ? - 1966
Bilfergen: 1950 - 1960
Julsund: ca. 1961 - ca. 1966(Sommar)
Rjånes: ca. 1960 - ca. 1965 (Vinter)
Vestra 1966 - 1982
Solskjel (I) Sommar 1980
Norddalsfjord 1982 - 1991
Averøy 1991 - 1992
Valldal (II) 1993 - 1995
Nørvøy 1995 - 2005 // 2006 - 2008
Aure 2005 - 2006
Kvernes Sommar 2006
Eiksund: 2008 - 03.2010
Halsa: Sommar 2010
Goma: 07.2011 - ...