Oter opg kulde 015 copy Oter opg kulde 017 copy
Berre hovudet kom opp - sikkert for å få
litt luft.
Kvar har kameraten blitt av?

Dei to otrane vart tydelegvis merksame på meg før eg oppdaga dei.  Eg rakk ikkje å reagere før dei gleid  lydlaust frå iskanten og ned i den kalde elva.  Men dei dukka opp igjen…

Oteren er vel helst eit dyr som ein finn i nærleiken av sjøen og fjøresteinane, men dei siste åra har det  heller ikkje vore så uvanleg å få eit glimt av dyret  mange kilometer framme i Bondalen.  Og  i går, torsdag, var eit par eksemplar av arten  tydelegvis på fisketur i Bondalselva.  Kanskje ville dei ha variasjon i kosten?  Nygoten laks skal visstnok vere ein delikatesse

Her midt framme i dalen, er det no mest berre is å sjå i elva.  Difor tenkte eg at dei to otrane ville dukke opp att frå eit eller anna hol om ikkje lenge.  Eg gav meg difor til å vente med fotoapparatet i handa.  Men dyra var tydelegvis ikkje så villige til å vere modellar.  Rett nok såg eg i  det eine dyret eit par tre gonger, men berre litt av hovudet. Oteren kom berre så mykje opp at han fekk supe i seg litt frisk luft.

Oter opg kulde 019 copy
Så med eitt var oteren der - oppe på isen.

Etter kvart vart det kaldt å stå der og vente og eg tok til å innsjå at det ville verte lite med  foto av dei to isbadarane.  I det eg skulle til å pakke saman, vart eg var ein lys fugle-/pipelyd.  Først kom irritasjonen -  eg tenkte  fuglen ville skreme vekk oteren.  Så tok eg til å sjå i retning lyden.  Og ja, no forstod eg kvar denne lyden kom ifrå.   Det var den eine oteren som peip.  Han – eller kanskje var det ei ho? – sat oppe på elveisen og laga lyd.   Det var tydeleg at denne oteren sakna kompisen sin.  Eller kanskje var det ei mor som kalla på ungen sin?   Eg høyrde ikkje at det kom noko svar, men eg fekk mine foto før oteren fann seg eit nytt hol til å forsvinne ned i.

Men eg ventar nok til sommaren før eg tek meg eit bad utandørs.

Oter opg kulde 020 copy Oter opg kulde 023 copy
Det er mykje is i Bondalselva,.... men oteren fanns eg eit nytt hol å dukke ned i.