Hjørundfjorddagane 2013

Det store spørsmålet har vore om det vert Hjørundfjorddagar i 20 13?

Til no har det vore problem med å få folk til å ta på seg oppgåver. Dei fleste har nok med sitt.

Vi har no delt oppgåvene opp i mindre arbeidsgrupper, slik at vi fordeler arbeid og ansvar på spesielle felt. Dette har synt seg, at det då er lettare å seie ja, når arbeidsfeltet vert mindre. Til seneunderhaldningsnemda treng vi to kreative personar til. Vi håper at det melder seg frivillige til denne oppgåva  før eller på måndag. Det er berre å ta ein telefon eller tekstmelding til Eldbjørg Tvergrov (915 32 852)

Resultatet frå Hjørundfjorddagane i 2012 var dårlig. Artistar og marknadsføring har gått mykje opp i pris. Godt eller dårlig ver spelar også inn. Det vi lærde i 2012 var at vi må spare, skal det bli litt igjen for det store dugnadsarbeidet som heile Hjørundfjorden er med på. Tenkjer ein attende på dei fyrste Hjørundfjorddagane, der ein hadde konkurransar av ymse slag, så var det også spennande. Tanken er i år, at vi skal satse meir på det . Sidan det er valgår har det vore tradisjon at med politisk debatt på sundag.

På møte måndag vil vi også ha idear om alt mulig, frå dei som møter opp, og det håper eg vert mange.

 

Sæbø IL STYRET