Historia
Urkekaia vart bygd i 1917 og var til nytte fram til 1. juni 1966. Det er grunneigarane i bygda som eig kaia etter at heradsstyret i 1904 avslo ein søknad om kommunal garanti for eit lån på 1.500 kr. Seks år tidlegare vedtok heradsstyret ”at kaianlægget paa Sæbø er et kommunalt anlegg, som ene og alene opføres og bekostes paa Hjørundfjord kommunes regning.”
2012: Det var dette året hurtigrutene kom til Hjørundfjorden med Urke som ilandstigningsstad. (Foto: Rune Sæbønes)
Og viss ein spør om noverande kommune, Ørsta, vil stille seg meir positiv enn heradsstyret uttalte 108 år tidlegare, ville nok svaret gå i same lei, vil eg tru. Utkant og sentrum, skilnad skal det vere! Og dermed er vel eigartilhøvet fastlagt og det er altså styret og årsmøtet for Urke Kai som sit med nøkkelen til ei framtidig utvikling for Urke-kaia.
Det vart vitsa om at det 19 formenn og ein arbeider som bygde kaia i 1919. I 1948 vart kaia utvida vestover slik at det vart ei kombinert ferje- og rutebåtkai. Den samla lengda er 22 m og vi kan ikkje sjå at kaia er påført nokon skade. Dei gjorde godt arbeid for nær 100 år sidan, gamlekarane.
Ferjekaia vart brukt til 1959 då det kom kai på Leknes. Urke kai har ikkje hatt faste rutebåtanløp sidan 1. juni 1966.
Kva no?
Men kanskje ser vi no konturane av ein ny æra for Urke kai? Hurtigrutene har konkludert med at selskapet legg inn Urke som fast, dagleg anløp frå neste år - i første omgang i september og oktober. Om dette vert utvida og ev. flytta til både vår, sommar og haust, vil tida vise.
Grunngiinga for Hurtigruten AS sitt val, kjem til uttrykk i ein uttale frå avtroppande kaptein på ”Trollfjord”, Arne R. Gran-Ernstsen: ”Passasjerene betaler dyrt fra før. De vil oppleve fri natur, ikke bare butikker og kjøp-kjøp. Hjørundfjorden er helt fantastisk!”
Kaia er langt på veg ei djupvasskai
Kailengda er ikkje så imponerande med 22 m, men djupna ved kaikanten er nær 4 meter rekna ut frå sjøkartnull – referansenivået for all djupnemål. Fire meter ut frå kaikanten er minimumsdjupna 6 m og går ein ytterlegare 2 meter ut, er minimumsdjupna 7,25 m. ”Trollfjord”, den største av hurtigrutene, har 6,25 m som maks. djupne.
På denne skissa ser vi djupnene(svarte tal) ved Urke kai ved kaikanten, 4 m og 6 m ut. Klikk på skissa for å sjå detaljane!
Det vil seie at 5 meter frå kaikanten vil ein ha nok djupne. Eg kjenner ikkje til kor djupt dei ulike cruiseskipa stikk, men eg vil tru det ikkje er meir enn 6 m. Min konklusjon, inntil noko anna er framført, er at Urke kai med små investeringar kan ta mot hurtigrutene og mange større skip. I så fall ville Hjørundfjord også ha eit kai-teknisk tilbod som vil gjere fjorden meir attraktiv enn Geirangerfjorden. Eg viser til skissa som viser djupna, rekna frå sjøkartnull.
Tekniske løysingar
Det er andre enn underteikna som sit inne med nok kunnskap om korleis ein kan få til eit arrangement ved kaia som tener formålet. Eg held meg likevel til ei utsegn frå ein av kapteinane som i haust uttalte at med små midlar kan ein gjere det mulig å legge til kaia.
2-3 dykdalberar syter for at skipsskroget ligg 5 meter frå kaikanten. Her er djupt nok for dei største hurtigrutene og mange cruiceskip.
Sjølv tillet eg meg likevel å antyde ei mulig løysing: Ved å slå ned 2-3 dykdalberar – tjukke, betongfylte stålrør som spriker ut i nedkant og er samla i toppen og med kanskje eitt eller to støttebein inn til landsida. Ein dykdalber verkar som ei kai som skipa kan legge inntil. Dette krev god grunn, noko eg trur finst ved Urke kai. Kanskje Stranda har kommune ubrukte stålrør til sals? Firma A. Våge i Volda veit det meste om plassering og bygging av dykdalberar.
Dykdalberprinsippet er illustrert t.v. Før nytta dei tømmerstokkar. Ein moderne hamnedykdalber er laga i stål. T.h. ser vi øvste del av stålkonstruksjonen. Under er det fleire skråstilte stålrør som er pela langt ned i grunnen. Skråstag mot landfeste i tillegg er og vanleg.
Dersom dykdalberane vert plasserte slik at skipet får ein avstand på 5 meter frå kaia, er ei solid gangbru frå skipet til kaia tilstrekkeleg for å ta på land passasjerane. Sjølvsagt kan ein ha flyteutstyr under ei slik gangbru.
Eg viser til ei skisse der eg har vist ei plassering av eit tenkt skip inntil dykdalberar slik at avstanden til kaia vert 5 meter.
Kaihuset
Kaihuset på Urke har ikkje eit imponerande i areal, berre ca. 42 kvm. Eit nytt toalett er innreia i eine hjørnet med inngang utanfrå. Restarealet på ca. 36 kvm har hurtigrutefolka vist stor interesse for. Dette kan fungere som eit venterom, men og som eit samlingsrom med presentasjonar på veggane (gamle landbruksreidskap, fiskereidskap, bilete mm.) og orienteringar om bygda og historia. Eit par langbord og stolar kunne vere tenleg ved venting på bussar etc. Ved at skipet fekk ligge ved kai, ville mykje av ventebehovet bli dekt ved at passasjerane kunne gå om bord.
Kaihuset på Urke er ikkje av dei store, men kan likevel vere eit teneleg bygg for passasjerar som vil kvile, sjå på lokalhistoriske utstillingar og få informasjon frå guidar. (Foto: Per Urke)
Samtidig kunne dette verte eit attraktivt samlingsrom for ulike småarrangement, noko som Urke Grendalag har drøfta ved tidlegare høve.
Ei spennande tid
Det som skjer framover, kan representere eit vendpunkt mot ei positiv utvikling for Hjørundfjordområdet. Ordførar Rune Hovde uttalte nyleg at valet av Hjørundfjord som anløpsstad, er mellom dei to viktigaste hendingane for Ørsta kommune i 2012. Han ser at dette kan ha gode ringverknader. Næringssjefen i Ørsta, Odd Magne Vinjevoll, har uttalt seg i same lei.
Med utgangspunkt i ilandstigningsstaden Urke, som Hurtigruten AS har bestemt seg for, legg hurtigrutene opp til ekskursjon til Norangsdalen og tid til bygdevandringar. Det kan og gi rom for mini-cruice med skyssbåt til Sæbø, Trandal, Bjørke og Skår og ei rekke andre tiltak. Det er berre fantasien som er avgrensinga.
Til slutt vil eg tillate meg å bruke fantasi og gjenta meg sjølv då eg 24.03.09 lanserte at det bør byggast djupvasskai på Urke og byggast gondolheis til Saksa (Sjå Hjørundfjord- portalen: http://www.hjorundfjord.no/?artikkel=2317&handling=les&komponent=artikkel )
Kanskje kunne ei gondolheis frå Urkebygda til toppen av Saksa (1000 moh.) bli rosina i pølsa for turistar i Hjørundfjorden? Denne brukar 8 minutt med 30 passasjerar på 1200 meter stigning.
Kanskje kan vegbygging til Skårasalen bli lagt på is og erstatta med ei framtidig gondolbane frå Urkebygda til Saksa? Kanskje ein investor - med interesse for hurtigrutene si framtid eller turisme som satsingsområde – kunne sjå eit potensiale til å vise kremen av Noreg på eitt brett: Hjørundfjorden, Norangsdalen og Sunnmørsalpane, sett frå Saksa?
Kommentarar
Må nokon trykke på her?
Kaianlegget er eitt element på vegen vidare. Vi har lita tru på at det er stor interesse for større investeringar dersom hurtigrutene vert einaste brukar av kaianlegget nokre få veker langt ut på hausten. Dersom hurtigrutene utvidar sesongen og signaliserer/avtalar noko meir langsiktig, vil eg tru det vert lagt eit grunnlag for kailaget å satse kapital som kan forrentast. Og det er sjølvsagt brukarane av kaia som må betale for bruken. Vi må ha tolmod til å vente på ytterlegare avklaringar. Inntil vidare må ein sikre ei trygg iland- og ombordstigning med tenderbåten.
Ein kunne kanskje vurdere om kailaget kunne få ein entreprenør til å gjere visse utrekningar i eit forprosjekt i mellomtida - medan ein ventar på avklaringar. Eg veit at Kailaget ikkje har eigenkapital og må difor ta forsiktige steg framover - men i rett lei!
Eit anna element er at bygda, bygdene og kommunen må fungere som vertskap for utvikling av turismen i området. Eg håper inderleg at Ørsta Turistkontor vil halde fram med å vere synleg i høve hurttigruta, men det er eit dårleg signal at det i budsjettsaka kom framlegg om å kutte midlar til kontoret - og det etter at hurtigrutene har bestemt seg for daglege anløp på Urke i september og oktober. Om hurtigruta valde å kome til Ørsta sentrum, er eg overbevisst om at kommunen ville sjå sitt ansvar.
Men bygda og bygdene må ikkje misse motet sjølv om kommunen sviktar. På Urke er det i alle fall i gang eit arbeid for å organisere arbeidet på ein måte som har som siktemål at Hjørundfjorden framleis skal vere eit interessant mål for hurtigrutene.
Kva rolle Kailaget skal ha her, veit vi ikkje no, men ein har ingen grunn til å tru at ein skal møte motstand frå det haldet. Kaia vart bygd for å ta mot rutegåande båttrafikk og det er nettopp det som no er i gang etter ein pause sidan 1966. At ein skulle ønskje å ha kapital på kistebotnen som ga rom for å kome raskt i gang med eit planleggingsarbeid, er ei anna sak.
Eg trur at både kailaget og bygda tek mot utfordringane. Men det er fleire som må dra lasset: Norangsdalen er ein del av prosjektet til hurtigrutene. Andre bygder som vil vere med på laget, må melde seg på og tilpasse seg dei planar som kjem.