Ventetida, aktørane og helikopterflyginga har Knut Hustad skildra her tidlegare. Høvdingen, Jarle Walseth, har skildra bakgrunnen for oppdraget i artikkelen I fotefara etter trefot-Jo. Her syner Jarle at han ikkje berre er historikar, men også framtidsforskar. Han spådde både at Thomas Hustad kom til å lage ein truverdig kopi og at helikopteret ikkje ville ha problem med å flyge opp lasten. Resten vart opp til dei fire, for høvet, steinarbeidarane.

Så, korleis går det når dessertgenerasjonen skal gjere arbeid som høyrer tidlegare generasjonar til? Uherda fingrar svei, og blodet pipla frå sprukne neglerøter. Det verkte i musklar vi ikkje visste vi hadde, men steinane vart lagde der dei best høyrde heime, og dei fall, om ikkje elegant, på plass på eit vis. Med litt lirking med spettet, litt drusing med hammar og meisel ,og litt godvilje, vert det mur av naturgneis. Heldigvis har Jørund, i motsetnad til resten av oss, steinkompetanse. Noko som kom godt med. Arbeidsgruppa var topp motiverte, og ei stund vart det vurdert å halde på natta gjennom. Håpet om at vi kunne melde om utført oppdrag auka. Men så...

CIMG1493

Dagslyset dimma, og etterlet seg kald disig luft. Då månen kom opp vart vi så distraherte av omgjevnadane at vi måtte leggje frå oss steinarbeidet for kvelden. Månen og fjella konkurerte om merksemda vår, og vi vart så svimle av det vi fekk sjå, at vi såg ikkje anna råd enn å setje oss og nyte det heile.

CIMG1510

Skodda, som vi tidlegare hadde dømt nord og ned, la seg under oss og skjulte fjorden. Skoddehavet seig nordover, og opplyst av månen minna det om ein massiv isbre. Brått var vi tusenar av år bak i tid, og vi kjende oss som veidemenn i eit ukjent og uoppdaga landskap. I fantasien såg vi reinsflokkar kome vandrande over isbreen under oss, vi vandra i eigne tankar og det vart lengre og lengre mellom kvar gong vi veksla replikkar. Med eit, utan varsel, ljoma Peer Gynt sitt bukkeritt på den ellers lydlause pletten. Naturopplevinga vart til ei kulturoppleving, og då vi til slutt ynskte søvnen velkomen var vi samstemde i at Trefot-Jo, trass slitet, rådde over eit rike sjølv kongar kunne misunne han.

Medan jorda snurra, låg vi medvitlause i soveposane. Vi vart ikkje var ørna som kanskje glei over oss, heller ikkje hjorten som kanskje beita like ved. Vekkarklokke er ikkje noko for fjellfolk, ho høyrer sivilisasjonen til. Heldigvis tok naturen ansvar og vekte oss varsamt med litt yr slik at vi ikkje skulle gå glipp av klimaks; fargespelet på austhimmelen.

CIMG1514

CIMG1516

Oppdraget vart ikkje utført i denne omgong. Fotballkampar skulle spelast, og vi måtte småjogge ned Lisjedals-nakkane for å rekke skyssen heim.I tillegg må vi be Høvdingane, Jon og Jarle, om forståing for at naturen kan virke forstyrrande på arbeidet. Vi satsar likevel på å sluttføre prosjektet i dei tider tela går ut av jorda og laksen hoppar ved osen, eller i alle høve før sauene skal ned frå beite. Då vert det omlag ein dag til med steinarbeid, før hytta kan setjast på murane.