Samla budsjett for planen har ei ramme på 42.000 kr., medrekna eigeninnsats. Skilt og informasjonstavler skal vere på plass til sommaren.

Grendalaget har hatt eit samarbeid med Ålesund og Sunnmøre Turistforening i utviklinga av planen. Dette inneber at ÅST skal syte for skilta frå Urke til Patchell-hytta og Slogen, medan grendalaget skal merke til fjella Saksa og Råna. Men det er ikkje berre dei mest fjellvande som skal inviterast til fysisk aktivitet og naturopplevingar. Opplegget omfattar to trimturar framover Urkedalen og Langseterdalen. Samarbeidet med ÅST har  gitt økonomi til å kunne merke kortare turar i bygdenære omgivnader.

Saksa og Råna

Skilta som viser veg til Saksa og Råna

Utviklinga er no komen så langt at planen er omsett til handfaste realitetar. Retningsskilta er sette i produksjon. Desse skal monterast på solide stokkar i bygda og undervegs.  Stølen, Haukåssetra, Kraftverkdemninga og Langsetra vert viktige  ”veg ”-kryss. Vanskgradene for turane er markerte med dei nasjonalt fastsette symbola; vandraren i  grønt (lettast) til svart (vanskelegast).  ÅST-skilta og skilta som er merka med Urke Grendalag har same fargebruk og skal monterast på same stokkane.

Trimturane

Trimtur 1 og Trimtur 2

Informasjonstavlene som skal orientere om kvar enkelt turopplegg,  er bestilte, men har lengre leveringstid. Tavlene er illustrerte med foto med innteikna turruter. Her har grendalaget fått god hjelp frå Iriss Forlag som har gitt ut turboka  ”Fotturar på Sunnmøre.” Tavlene for trimturane er illustrerte med kart. Tekstene er både på norsk, engelsk og tysk. Tavlene og retningsskilta er produserte i stoff som skal vare i minimum 20 år.

Bygdevandring

Bygdevandringsskilt: Desse skilta skal stå i Korsvegen. I tillegg kjem skilt ved Kraftverket

Informasjonstavlene vert monterte på Brua-parken som og er utgangspunkt for retningsskilta. Ein kopi av tavla for bygdevandring skal monterast på kaia med tanke på passasjerar frå hurtigruta og andre som har dette utgangspunktet. Det er firmaet Utmarksressurs som er produsent av både skilta og informasjonstavlene. Når det gjeld bygdevandringa, er det behov for ei brosjyre som kan stikkast i lomma, men dette fell utanom den planen som er utvikla.