Så nærmar jula seg. Det er klart for sesongopning  for Strands bakeri på Sæbø.

Opningsdato:

Torsdag 6. desember klokka 1000

014 copy

I tillegg til alt du ser av godsaker på fotoet over, kjem småkaker av alle slag - i tillegg til kransekaker og julebrød, lovar sjefen i butikken/kafeen, Kanutte Strand.

På kvardagane vert opningstidene frå klokka 10 til 1630.  På laurdagane er stengjetida klokka 1500.

Bakar Dagfinn (Daffa) Strand lovar at deira julebrød sjølvsagt inneheld sukat.  Det er sukaten som gjev den gode smaken, seier han.  Men:  Om du likevel ikkje vil ha sukat i julebrøda er det berre å ta kontakt.  Dagfinn lagar gjerne julebrød utan sukat også.  Og sjølvsagt er alle dei andre brødslaga på plass i butikken, lovar han.

Og ikkje berre det.  Er du plaga med cøliaki, eller ikkje toler mjøl så kan du også ta kontakt.  Bakeriet har nemleg julekaker slike kundar også.

Og berre så det er sagt:  Kafeen er open til dei same tidene som butikken.

Alle er hjarteleg velkomne, smiler Kanutte og Dagfinn.