Prøvde med 4 sekund og sjølvutløysar.
Det vart akkurat slik det såg ut. Dei fleste bondalingar er nok i senga endå, men nokre har nok fått med seg den fine austhimmelen.
Er på veg mot Stokkesetra og må nyte kontrastane mellom fjell og himmel.
Det lysnar, men eg brukte blits på stokkeselet.
Litt seinare.
Farleg glatt stort sett over alt der snøen har blese vekk.
I dag er det siste dag av hjortejakta. Her er kanskje årets siste hjortfelling. Dagfinn Hoem felte den i Sletta på Rise denne veka. Her er han ilag med ein annan jæger, Steinar Hjorthaug.
Denne hannkalven på 30 kg er nr. 95 i Bondalen i år.
God jul til alle!
Kommentarar