Årets tur var den tolvte i rekka, og etter 2 strake år utanlands (Brighton og Vilnius) var det i år altså klart for ”bartebyen”  Trondheim. Det var litt stemning i veterangruppa om å anlegge bart før avreise, men dei fleste feiga ut så det vart ikkje noko av. Kunne jo ha vorte eit klassisk lagbilete det,  der alle hadde meir eller mindre vellukka mustasjer å skilte med..) Nokre sparte det heller til Movember månaden etter.

Komiteen

Komiteen hadde i år lagt turen til Trondheim, og begge er iallefall bartefrie.

 

Konseptet.

Konseptet for turen er som før; samlast og ha det kjekt over ei helg, der arrangering av ulike quizar og konkurransar, inkludert den prestisjefylte internkampen er viktige ingrediensar. Sjølvsagt har me mykje å mimre om etter (samla sett) rundt 20 år i A-lagsfotballen på Sæbø (1980-2000) og no etterkvart 12 år med veteranturar (2001-2012). Latteren sit sjølvsagt laust. Ei av historiane som går igjen er frå 1984. Gunnar Ellingsen var trenar og me skulle møte Hessa på bortebane midt under fotball EM. Michel Platini var ein av dei store profilane i det mesterskapet, og då Hessa sin snakkesalige erkedemmar og Sumpenjournalist Helge Skuseth skulle ta direkte frispark frå like utanfor 16-meteren var Sæbøspelar Øyvind Ose kjapt frampå med forsøk på litt verbal utpsyking: ”jaså Skuseth du prøver deg på ein Platini?” Skuseth var sjølvsagt ikkje skåren for tungebandet og repliserte kjapt: ”Ka du siiiir din jævla bone!?”  Dette prella av på Øyvind, kumjølking og forhausting er nok ikkje blant ørstingen Øyvind Ose sine sterkaste sider, men han oppnådde uansett det han var ute etter, Skuseth skaut ballen skyhøgt over mål. I år var me 13 påmelde til turen, 3 av veteranane har faktisk vore med på samtlege turar og nærmar seg vel snart gullklokka.

 

Internkampen.

Internkampen er eit høgdepunkt på desse turane. Det ligg mykje prestisje i dette for veteranane der det gjeld å markere seg både før, under og etter kamp. Sjølvsagt har me eiga heimeside der all statistikk frå desse kampane vert ført,  og eige forum der me kan ha meiningsutvekslingar året rundt. I år vart internkampen for første gong gjennomførd innandørs. Komiteen (Rolf Egil Riise og Sverre B Hjorthaug) hadde bestilt innendørshall i fall dårleg ver.  Ein veit som kjent aldri kva som møter ein av ver i midtnoreg i oktober.. No skein sola og veret var fint, så det var litt usemje i troppa om me heller burde finne ei kunstgrasbane. Men det viste seg også at superveteran Lasse Sæbønes hadde kjøpt seg flunkande nye innandørssko i høve turen (her skulle ingenting overlatast til tilfeldigheitene) Sidan veteranane er ei demokratisk gruppe og me alltid tek godt vare på gamle heltar så vart det dermed innandørs. Heile 12 mann hadde fått klarsignal frå fastlegen sin til 3 x 20 minutt internkamp, Audun Lyshagen var dommar.

Gult lag

Gult lag: Knut Inge Haugen, Arnt-Egil Hjellen, Bård Forbord, Lasse Sæbønes, Henning Nydahl og Sverre Børge Hjorthaug.

Kvitt lag

Kvitt lag: Øyvind Ose, Rolf-Egil Riise, Alf Ole Aarseth, Jens Arve Forbord, Odd Rune Walseth og Jan Kjetil Holen.

Kampen vart jamn, men det gule laget anført av playmaker Bård Forbord og ein Arnt Egil Hjellen som fann tilbake til skåringstaktene frå slutten av 80-talet fekk vippa kampen i sin favør. Bård var regissør og Arnten vart toppskårar med 5 mål. I tillegg stod Knut-Inge Haugen i gult sitt mål i vegen for mykje av forsøka til det kvite laget. Kvitt lag yppa seg litt i tredje omgang men gult vann alt i alt ein fortent siger.

Kampstatistikk:

Resultat: Gult- Kvitt 13-11 (5-4, 3-1, 5-6)

Mål Gult lag: Arnt-Egil Hjellen 5 mål, Henning Nydahl 3 mål, Lasse Sæbønes 3 mål, Bård Forbord 2 mål.

Mål Kvitt lag: Alf Ole Aarseth 4 mål, Rolf Egil Riise 3 mål, Jens Forbord 1 mål, Jan-Kjetil Holen 1 mål, Øyvind Ose 1 mål, 1 sjølvmål.

Bonuspoeng (banas 3 beste): Arnt Egil Hjellen 3p, Bård Forbord 2p, Knut Inge Haugen 1p.

 

Bowling.

Etter kampen var det klart for ein ny aktivitet ganske umiddelbart. Bowling er som skapt for avdanka fotballspelarar som framleis har konkurranseinstinktet inntakt. På turane brukar me å ha ulike quizar gjennom helga, og komiteen hadde i år lagt opp til at quizlaga også skulle konkurrere i bowlinghallen. Ikkje noko minus at bowlinghallen også kunne by på ølservering, stemninga vart fort skrudd på eit høgre gir og det mangla verken på kommentarar eller galgenhumor for å setje motstandaren ut av spel. Her hjalp det ikkje å kalle kvarandre ”boner” heller. Me er då bondalingar og Hjørundfjordingar! Audun Lyshagen hadde faktisk aldri prøvd bowling før, men då han på trass av dette allereie i sitt tredje kast fekk til ein strike, så måtte Øyvind Ose atter ein gong hente fram nokre av sine sarkastiske utpsykingsmetodar. Vill latter blant veteranane. Til slutt var det Alf Ole Aarseth som stakk av med den beste poengsummen etter å ha klinka inn 3 strike på rad i sine 3 siste forsøk. Klapp på skuldra.

Bowling-Bård

Bowling-Bård i djup konsentrasjon.

 

Bondalskoret.

Ingen skikkeleg veterantur utan ein solid framføring av Bondalssongen. Bowlinghallen låg berre eit lite steinkast frå sjølvaste Nidarosdomen, og kva var vel meir naturleg då enn å framføre songen framfor dette majestetiske  byggverket. (høgkultur og lågkultur i skjønn foreining om du vil) Framføringa  fekk dermed eit historisk sus over seg og resultatet vart upåklageleg. Rolfen dirigerte koret som aldri før og veteranane song med gudsbenåda andakt. Me tek aldri lett på denne oppgåva, men årets framføring trur eg må være blant dei vakraste. Rettnok var ikkje publikumsoppmøtet det heilt store, men slik vert det når arena vert beslutta på impuls og ingenting vert annonsert på førehand.. Uansett Nidarosdomen Guttekor kunne knapt ha gjort dette betre, og dei 3 frosne sjelene som høyrde på fekk i alle fall eit kamera i handa og utførte oppgåva med iver og velvilje. Applaus gav dei også.

Bondalskoret

Framifrå framføring av Bondalssongen framfor Nidarosdomen med dirigent Riise i spissen.

 

Bankett og søndagsmøte.

Årets bankettmiddag var lokalisert i restauranten til hotell Rica Nidelven  som er kjent for eit godt kjøken. Nok eit vellukka måltid og god stemning. Ein av veteranane uta fjorden hadde i vanvare bestilt svinenakke sjølv om dei også hadde torsk på menyen..? Er du frå fjorden så er du frå fjorden, ferdig prata. Han fekk retta opp sin eigen tabbe med å sende ut igjen svinenakken, og kunne etterkvart puste letta ut når torskeskrotten endeleg låg på fjøla. Litt oppstyr rundt dette, men selskapet gjekk vidare til langt utover kvelden og god service frå personalet på Nidelven gjorde kvelden komplett. Nokre av veteranane var så nøgde at dei vart sitjande til langt på natt og berre snudde stolen sin 180 grader bort til pianobaren.

Bankett

Bankettmiddag, som vi ser er unge Nydahl svolten.

 

Søndagsmøtet er den offisielle avslutninga av veteranturen, der me summerar opp helga, utfører diverse valg og kåringar, samt planlegg litt vidare for turar som skal kome.  Først var det kåring av quizlaget med flest poeng og vinnarane vart Lasse Sæbønes, Audun Lyshagen og Jan Kjetil Holen. Jan Kjetil var for øvrig førstereisgut i år, sidan han no endeleg har vorte gamal nok til å få reisepass til veterantur. 

Quizvinnarane

Vinnarlaget i årets quizkonkurranse: Lasse Sæbønes, Jan Kjetil Holen og Audun Lyshagen.

 

Årets innsatspokal gjekk til Odd Rune Walseth som synte slik omtanke for sine medveteranar at han allereie fredagskvelden la inn eit godt veteranord til alle nye folk me kom i prat med. Her skulle ikkje dårleg kommunikasjon kome i vegen for evt nye vennskap. Positiv spirit Odd Rune! Det var også tid for valg av ny komite sidan Rolf Egil Riise og Sverre Børge Hjorthaug no er ferdige med sin 2 års periode. Eit verv dei har bestått med glans. Velfortjent applaus til avtroppande komite. Stafettpinnen vart klappa vidare til Knut-Inge Haugen og Odd Rune Walseth som då har ansvaret dei neste 2 åra. Me ser fram til nye turar med denne gjengen, det vert aldri kjedeleg!