Open dag!
Eldrid Øye leidde programmet denne dagen.
Ho er no leiar for Hjørundfjordheimen
og orienterte om hendingane som har vore
i og rundt heimen siste året.
Programmet for dagen var:
Velkommen og orientering av Eldrid.
Historier frå "gamle dager" av Einar Saure.
Musikk av Magnus Skjerdal
"Ein meiningsfull kvardag"- Ann Helene og Bodil
Vakker felemusikk av Bernhard Øye Pedersen
Inger Liadal er leiar for alle sjukeheimane i Ørsta Kommune.
Einar Saure fortalde levande om tidene
som eingong var, ei fornøyelse å høyre på.
Magnus Skjerdal forsynte oss med vakker musikk,
her assistert av "kordamene" Bodil og Ragna.
Ann Helene og Bodil snakka om
"Ein Meiningsfull kvardag" for personar med demenssjukdom.
Eldrid får ei rose for god støtte.
Bernhard fortrylla oss med vakker felemusikk.
Her er eit trekløver som vi kan takke for god mat.
Åshild, Irene og Martha.
Kjøkkenet er på "høggir" denne dagen,
rikeleg og velsmakande mat til alle.
Helselagskafê
Trekkspelmusikk av Idar Vatne,
kakebord som bugna,
Mykje kjekke folk og ei triveleg stund.
Samling rundt borda med kaffi i koppen.
Odny, Sigrunn, Margit, Johanne og Marie.
Marie, Solveig, Inga, Jenny, Borghild og Karen.
Hildur, Elsie og Dagny nyt den fengande trekkspelmusikken.
Anna med barnebarn på besøk.
Arne med nokre av familia rundt bordet.
Mange tok turen på denne laurdagen .
Helselagskafê er triveleg for alle.
Medlemmane i helselaget hadde baka
rikeleg med velsmakande kaker.
Takk til helselaget som kjem og lagar til ein trivelelg
kafê på huset, dette er kjekt for både
bebuarar, pårørande og resten av bygda.
Slike tiltak skaper ein levande heim.
Takk også til våre trufaste hjelparar i stort og smått,
dugnad på bingo, bakedagar og ellers til ulike bidrag.
Desse to, Anne Lise og Oddrun kom med kalvedans,
pottost, råmelkspudding til bebuarane.
Slikt skapar trivsel!
Kommentarar