Referat frå folkemøte 04.12.2012
Tema: "Hjørundfjorddagane"
- Behov for nytenking og omorganisering?
- Det som er sikkert: Det er behov for fleire erfarne folk i nemnda.
Tysdag 4. desember var det folkemøte om Hjørundfjorddagane. 15 personar møtte opp, inkludert nemnda og Eldbjørg Tvergrov, som oppsummerte fjorårets resultat.
Medan det stod fleire ting på sakslista, så er det ikkje til å kome ifrå at det som vart diskutert mest var den manglande gløden og interessa i bygda for å bidra til å gjere Hjørundfjorddagane betre – og meir inntenande for idrettslaget. Både i fjor og i år har det vore særs vanskeleg å få folk til å vere med i nemnda. Pr. dags dato sit det to i nemnda, Erlend Walseth og Anette Dagfinrud, og begge to understreka at dei ikkje har erfaringa som trengs til å drive arbeidet framover aleine, då begge har minimal erfaring med sjølve arrangementet Hjørundfjorddagane. Begge vart med i innspurten i fjor, og var såleis ikkje med i nemndarbeidet før i april. Det er heller ikkje nokon «permar» med informasjon frå tidlegare nemnder om kva som må gjerast og når... I tillegg til desse to trengs det folk med erfaring frå tidlegare nemnder, som kan bidra til å lose arrangementet i hamn. Det vert ei ekstraoppgåve for årets nemnd å sørge for utviklinga av rutiner, og dokumenteringa av desse, til neste års nemnder.
I tillegg til at det er vanskeleg å rekruttere folk til nemnda, opplevde ein i fjor mykje negativitet til det å bidra i det heile til arrangementet. Dei som arbeidde med arbeidslistene, eller vaktlistene, hadde fire sider med personar som ikkje ville, eller kunne, stille.
Det er avgjerande at personar som kan tenke seg å bidra tek kontakt med nemnda. I ei tid då Ørsta kommune legg ned det meste i fjorden, er vi sjølve med på å legge ned Hjørundfjorddagane. Slik ser det verkeleg ut no. Dette vert i tilfelle nesten litt symbolsk på forvitringa av fellesskapet, som mange meiner det moderne Noreg, og også bygde-Noreg, no går igjennom. Folk har meir og meir pengar, men føler seg fattigare. Folk har aldri hatt meir fritid, men har aldri vore meir i tidsklemma...
Behov for eit felles løft?
Hjørundfjorddagane treng eit ekstra felles løft i år. Det vart diskutert om ein bør endre litt på konseptet, og blant forslaga som vart diskutert var det å setje meir fokus på aktivitetar. Vi veit at hotellet skal verte eit «aktivitetshotell» - bør Hjørundfjorddagane bli inspirerte av Farmen og 71 grader Nord og satse på meir aktivitetar? Bør me knyte oss opp mot blant anna Hotell Sagafjord og Røde Kors for å få til dette?
Omorganisering av nemnda?
Eit anna tema som vart løfta var nemnda si kjensle av at sjølve nemndarbeidet bør organiserast annleis. Poenget med denne omorganiseringa er å spisse og effektivisere arbeidet – og slik kanskje gjere det enklare å få folk til å stille opp til dette arbeidet.
Forslag:
Vi må sjå på matnemnda. Den er prega av både effektivitet og kontinuitet, samstundes som dei overføre rutiner og kompetanse gjennom å dokumentere arbeidet sitt til neste år. Vi har ei kjensle av at grunnen til at det er lettare å få folk til å stille i matnemnda er nettopp det at arbeidet er spissa opp mot ein funksjon, og at rutinene er på plass.
Slik vil vi foreslå at nemnda vert delt opp i undernemnder: nemleg utstillar-nemnda, scene-nemnda og ei overnemd med to personar som skal ha overoppsyn over heilskapen i arbeidet, og for å delegere arbeid og assistere ved behov.
Vi vil slik foreslå denne strukturen:
(klikk i rama ovanfor for større skrift)
Spørsmålet er om vi i samband med årets arrangement må ta eit ekstratak i høve å skaffe fleire sponsormidlar. Vi har lite inntening frå dette, og samanlikna med til dømes Trandal-Blues har vi særs lite midlar frå sponsorar til disposisjon. Bør vi setje ned ei sponsor-nemnd for å ta eit krafttak i samband med dette? I tilfelle: kun for 2013?
Planen er som sagt å spisse arbeidsoppgåvene og gjere møtetida så effektiv som mogleg. Ein slepp å vere tilstades når gruppene diskuterer sine eigne arbeidsoppgåver internt, og ein vil slik sleppe mykje «daudtid». I og med at dei to i leiargruppa skal gå inn og assistere har alle gruppene mogleik til å få assistanse ved behov, på same stund som leiargruppa kan delegere arbeid vidare. Målet må vere fortsatt samarbeid, men at ein heile tida jobbar meir effektivt.
Andre tema som vart diskutert:
Oppsummering av økonomien: Resultatet i fjor var særs dårleg. Arrangementet regna bort, i tillegg var utgiftene store. Nesten heile av fjorårets overskot vart generert av Kyrkjekonserten.
Aukande artistprisar (som er i dramatisk auke pga at artistane no vrir inntektene vekk frå CD-sal og over til opptredenar pga synkande CD-sal) medfører at vi må vurdere heile konseptet til Hjørundfjorddagane. Vi treng trekkplaster, men utgiftene vert kanskje for store til at vi skal kunne halde aktiviteten oppe på scena i same grad som før. Kan vi satse meir lokalt – også når det kjem til artistar?
Denne debatten, prega av eit ynskje om å finne ut kva som trakk så mykje frå eit potensielt overskot i fjor, gjekk over i ein diskusjon og stadfesting av at Hjørundfjorddagane må vurdere å spare pengar på fleire område – annonsering og scene først og fremst.
Skal vi gjere noko med billetteringa? Det vart diskutert å gje rabatt til småbarnsfamiliar, men samtidig kan dette ikkje gjerast utan at Idrettslaget skaper seg nye inntektskjelder på Hjørundfjorddagane.
Bør ein også ha ny mat? Er det til dømes til dømes mogleg med ei grillbod med fisk frå Hjørundfjorden? Det vart presentert argument for og imot dette.
Hjørundfjorddagane må ha ei inntektskjelde på kveldstid. Det vart diskutert øl-telt for vaksne og arrangement for ungdommen (som likevel kjem). Dette vil krevje at folk stiller som vakter, og at kanskje A-laget må vurderast til dette arbeidet.
Skal det gjerast noko med konseptet rundt utstillarane? Før var Hjørundfjorddagane ganske aleine på å fokusere på brukskunst – no er det på ein måte «overalt», som ein person sa.
Til slutt diskuterte vi litt kven som kunne vere aktuelle å få inn i nemnda for å hjelpe til. Mange av dei hadde vi ringt i forkant av møtet, og andre namn vart skrive ned. Vi har no i ettertid ringt dei vi hadde på lista, og alle har takka nei.
Overraskande nok er det mange som seier at dei ikkje har lyst, heller enn at dei ikkje har tid.
Det var synd ikkje fleire stilte til dette møtet, men ein hjarteleg stor takk til dei som stilte og som kom med konstruktive innspel og velmeint og viktig kritikk!
Nemnda tek no juleferie, og vil mest truleg kalle inn til eit nytt folkemøte på nyåret.
Dersom interessa er like lita då, kan det hende dette er kroken på døra for Hjørundfjorddagane.
Om nokon har lyst å melde si interesse for å vere med i nemnda, er det berre å ta kontakt med ein av oss:
Med helsing
Anette Dagfinrud og Erlend Walseth
-Nemnda
Anette Dagfinrud Tlf: +4791532848
(e-post: anettedagfinrud@yahoo.no)
Ërlend Walseth Tlf: +4793678331
(e-post: erlend.walseth07@gmail.com)
Kommentarar