Generasjonskorpset har i heile haust hatt det svært så kjekt og øvd inn eit flott og variert reportoar som skal framførast denne dagen. Vi har det utruleg kjekt saman, og korpset har nådd eit høgt musikalsk nivå :) Dersom vi skal røpe nokre av smakebitane på det vi vil framføre kan vi freiste med fengjande musikk frå filmen "Grease", "You`ll be in my heart" av Phil Collins og "When you wish upon a star. "

Medlemane i korpset ynskjer sterkt at fleire kjem og spelar ilag med oss. Vi veit at det er mange dyktige musikantar i Bondalen, og vi har mange fine instrument som ligg og ventar. Vi vart veldig glade i haust då Hanne Aklestad melde seg og hadde lyst å byrje på kornett, og Bjørn Ove Follestad og Monica Follestad villle prøve seg på baryton. Dei får no opplæring av korpset og det er kjempekjekt! I tillegg går Thea Karin Flatnes andre året på kornett på kulturskulen, og Tor-Eivind Follestad andre året på trommer. Dette synest vi er kjempekjekt, og dersom fleire har lyst å verte med er det berre å ta kontakt!

julemarknad_2010

(Foto:Rune Mo)

Den årlege julemarknaden er det viktigaste inntektskjelda til korpset, og vi er utruleg takknemlege for den gode oppslutnaden arrangementet har kvart år. Vi kan love triveleg basarstemning med flott musikk, triveleg prat, tombola, åresalg, trekking av loddbok og Sæbø sine beste kaker og smørbrød!

Også i år har vi opplevd stor gjevarglede blandt bedrifter i Ørsta og på Sæbø, så vi har mange flotte gevinstar til utlodding. Nokre av premiane på loddboka i år er Bruder leiketraktor med hengar ifrå Felleskjøpet, lyslykt frå strikkekafèen, cdar av Egil Olsen, eit fint lite bord frå Myklebust Miljømøbler, to kolonialkasser frå Bellingen og Joker med mykje spennande innhald, gåvekort frå Strands bakeri, gåvekort på lunsj for 2 på Sagafjord Hotell,  og Monica Follestad har strikka oss eit deilig teppe, og to varme og gode sitteunderlag.  Vi har også fått mange flotte gevinstar frå folk i Bondalen, noko vi set utruleg stor pris på!

Vi er så heldige å ha fått Knut Hustad til å leie festen også i år!

Kom og høyr på dei flinke musikantane våre som gledar seg til å spele for dykk!

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne!

1258654206000_Julepynt1_2920381698x698r