Først såg vi lys høgt oppe på ein av Grøtdalstindane, deretter på Saudekråtinden og hadde vi kunne sett, hadde vi nok nyleg oppdaga lys på veg opp på Store Brekketind også. Det er fjellfotografen Håvard Myklebust og mannskapet hans som ikkje har lege på latsida. Vil du sjå nokre av dei fine fotoa hans?
Klikk her
Sjølv vart eg inspirert av Håvard og tenkte at eg i alle fall burde kome meg opp på Sæbønestua. Det greidde eg fredag den 30. november - eg ville fotografere månen i det han dukka opp over Urkedalstindane. Men månen dukka aldri opp - i alle fall oppdaga eg han ikkje før eg var heime igjen ca. klokka 1845.
Det var noko kaldt og hustrigt, men kler ein seg godt er det ikkje noko problem, men det var vinden. Det bles såpass at stativet rista litt. (Sjå på stjernene).
Kjenner du deg att på desse fotoa?
Trandal ser vi her
Og her ser vi innover Hjørundfjorden. Lengst inne/bak ser vi Viddal, så Skår, Hustadneset og Sæbø.
Kommentarar