Denne dagen er ein tradisjon hjå oss. Kvart år dreg me på skogen for å finne juletred. Klokka 11 var vi klar. Då for me ''frammi marka'', so me kalla det. Som då er markane våre lenger framme på Villane.

20121222_114136

Me starta å leite...Jan Rune og Kristian kom glade og fornøgde utav skogen med det dei meinte var årets juletre. Men det var Frøydis noko skeptisk på (og vi andre også...) 

20121222_115742

Men dette tredet blei heller bålmat, for bål må vi ha. Vertfall desse to karane! Der er bål viktig, men det var noko so mangla.... Det var brødskiva med brunost på som dei skulla grillr på bålet. Det for vi huske neste år. 

Men tilbake til det viktige, nemlig å finne det perfekte juletreet. Og med 6 personar med forskjellige meiningar, er ikkje det det enklaste. Men etterkvart fann vi to bra kandidatar og dei blei med oss heim. 

20121222_122259

Her er vi veldig fornøgde med årets juletred! 

Jan Rune hadde også noko anna viktig han måtte finne seg når han va opp i skogen, nemlig einebusker som han skal ha når han skal dampe ribba. Her har han glad og fornøgd funne dei perfekte! 

20121222_123125

Då vil vi ønske alle ei riktig god jul!!! :)