I året som har gått har korpset gjort mykje kjekt. Vi spelte på påskerebus på Sæbø, nasjonaldagen, heldt minikonsert på Hjørundfjordheimen, deltok på gehørseminar med the Brazz Brothers i Barstadvik, underheldt på grendahuset sin marknad, i tillegg til at vi sjølv arrangerte vår eigen årlege julemarknad. 

julemarknad_2010

Vi ynskjer å fortelje litt om julemarknaden som var 09. Desember. Vi tenkjer dei ansvarlege marknaden smïlte heile vegen til banken på mandag føremiddag, med over 30.000,- kr i veska. Styret fortel om ein trivelig ettermiddag på Bondalen grendahus, med god basarstemning og fin underholdning av korpset. Korpset er inne i ein god trend for tida, med fleire nye aspirantar og ellers eit stødig og musikalt dyktig korps. Inntektene frå basaren kjem vel med  til instrument og anna vi treng for å drive eit korps. 

Vi har eit stort og fint grendehus i Bondalen, men denne dagen vart storesalen for liten. Også i småsalen var det mange, men spreke korpsmusikantar ordna ut under åresalet og formidla vinnarnummera til dei som sat i småsalen. Mange flotte gevinstar fekk nye eigarar. Vi var heilt overvelda over kva gjevarglede folk og bedrifter har, dette set vi utruleg stor pris på! Vi trekte og trekte og dei yngste musikantane våre var ivrige etter å få dele ut til heldige vinnarar. Vi prøver til gjengjeld å vere flinke og fortelje kven som har gitt oss kvar enkelt gevinst.

juleljus480

I gangen var det sal av lodd og mat. Omlag 4000 tombolalodd går med i løpet av eit par timar på julemarknaden, i tillegg til årar og lodd på bok! Der var nok meir enn 200 personar på Grendahuset denne ettermiddagen. Korpset underheldt med musikk i to avdelingar, og fekk applaus etter kvart nummer. Det er kjekt og stor stas å få!

Knut Hustad gjorde som vanleg ein glimrande jobb som programleiar under marknaden og korpset er heldige som får be han om hjelp til dette.


Generasjonskorpset på Sæbø vil takke alle som har støtta oss med gevinstar, kjøp av lodd når vi har vore rundt på dørene og ikkje minst kjøp av mat og lodd på marknaden.

Vi vil også minne om at det er mogleg å støtte oss gjennom eit heilt år ved å velje Sæbø skulekorps som grasrotmottakar når ein leverer tippekupong / lottokupong til Norsk Tipping.


Takk til alle som støtta oss gjennom heile året, både med arbeidskraft, gevinstar, kaker og ved frammøte på alle arrangement! 

Vi ynskjer alle ei riktig GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR!

Julepynt%20tre