RETT INN I MANNTALET.

 Ei lang reise til fots, og/eller på eselryggen var til endes.Josef og Maria på veg-1955

Vi forstår det slik at det var seint på kvelden at Josef frå

Nasaret og Maria, som han var trulova med, kom fram til

Betlehem.

Planen var vel at dei neste dag skulle skrive seg inn i manntalet,

slik keisaren i Roma hadde gitt påbod om.

Keisaren ville ha oversikt over innbyggarane i verda. Ting tyder på

at han såg det slik at han hadde verdsherredøme. I ettertid skjønar

vi at det botna nok i ein god slump av vankunne.

I Betlehem var herberget overbooka. Dei fann ikkje nattely. Men ein stall

vart ei provisorisk naudløysing for denne natta.

Det var der i stallen at Maria fødde sonen ho bar på.

Guten som vart fødd var avla i henne på underfull vis. «Avla ved

Den Heilage Ande,» som vi seier det i truvedkjenninga.

Den nyfødde var spesiell på den måten at han var både Gud og menneske.

Og ute på markene proklamerte engelen den store bodskapen tiljulekort stallen i Betleheim

hyrdingane: «I dag er det fødd dykk ein Frelsar.»

Når så Josef, nok neste dag, stilte seg i køen for å gjere si

borgarplikt og skrive seg i manntalet, så var det ikkje berre to namn,

nei, no var det tre namn som skulle i manntalet:
Josef, Maria og den nyfødde Jesus.

Guds Son vart skriven inn i manntalet, på line med dei andre

borgarane av denne verda, av keisaren sitt rike.

Det er dette som er julehøgtida sin sentrale bodskap.

Gud kom til oss som ein av oss. Gud kom til oss i kjøt og blod.

«Ordet vart menneske.»

Han som kom frå æva, han steig no inn i tida, inn i våre kår, rett inn

i manntalet.

                                                                  Rolf Dyrhol