Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.
Først eit kort samandrag. Det var sommaren 2009 at den no vidgjetne Saudedalsekspedisjonen under leiing av Jarle Walseth fann stad. Målet var å finne tuftene etter gjetarbua til Trefot-Jo. Eksepdisjonen vart utan tvil ein suksess. Klikk her. Det vart så bestemt at det skule byggjast ein kopi av bua. Hamnefogd Thomas Hustad tok oppdraget for eiga rekning og sommaren 2011 var oppdraget frå Thomas si side ferdig. Klikk her. No stod det berre att å få helikoptertransport av kopien av gjetarbua opp i Saudedalen, reparere murane og setje bua på plass. Men vêret ville diverre ikkje spele på lag i 2011...
Thomas Hustad hadde altså laga ferdig gjetarbua, men ho vart demontert før transport. Dermed ville det verte ein del arbeid med å få sett henne saman igjen oppe i Saudedalen, men det mest tidkrevjande arbeidet ville likevel vere å få reparert murane. Sjef Jarle Walseth måtte altså ha dugande folk til arbeidet og han sette store krav - også til leiing og fotballkunnskap. Det vart desse fire:
Alexander Riise Olsen: Fotballspelar, pedagog og kunstnar med leiarefaring.
Jørund Aklestad: Nesten ferdig sivilingeniør, murar, smed og kan sin Henrik Ibsen
Kai Are Urkegjerde: Tømrar og bygningsmann. Har stor efaring med mottesnikring.
Yngve Frøland: Fotballspelar, hestekøyrar, pedagog og bondeson. Er som poteten, kan brukast til alt.
Her må det leggast til at Jarle har vore lærar for alle desse fire - noko som sjølvsagt ikkje er ei ulempe.
Så var alt klar for den store hyttefrakta. Men på nytt kom skodda - før helikopteret. Dermed vart det venting, og venting - og litt venting til. Folk kom og gjekk, men mange kloke ord vart utveksla. Sjå foto under.
På fotoet til vensstre kjenner vi gijen frå venstre: Arne Rekkedal, Thomas Hustad og Jarle Walseth. PÅ fotoet til høgre har og syklist Per Gjerde kome til.
Sydenfarar og syklist Malvin Holen er ein ivrig trimmer på sykkel, men også han sette av litt tid til å vente på helikopteret.
![]() |
Men sjef Jarle Walseth var optimist: "Skodda lettar snart og helikopteret kan lande" |
Og Jarle fekk rett; skodda letta og helikopteret kunne lande, men ikkje før ca. klokka 19. Dermed ville det nok verte eit problem for byggegjengen på fire - som no hadde blitt redusert til tre p.g.a. ein fotballkamp dagen etter - med å gjere det arbeidet dei skulle. Men det vart bestemt at hytta skulle opp i den flate og vakre Saudedalen.
Helikpteret har landa og snart skal transporten starte. I tillegg til flygarane ser vi Thomas hyttebyggar Hustad og John Urkegjerde.
Så er tredje del av ekspdisjon "Trefot-Jo" i gang. Jarle Walseth sine no tre eidsvorne menn har kome på plass i helikopteret.
Thomas Hustad kan igjen setje seg ved benken og slå fast at i alle fall han har utført sin del av oppdraget.
Frå helikopterturen opp i Saudedalen. Som vi ser har skodda endeleg letta.
Så er dei tre mur- og hyttebyggarane på plass i Saudedalen. Dalen der skodda ligg, er Lisje-Skåradalen, eller berre Lisjedalen som dei seier på Skår. På fotoet til høgre ser vi utover Hjørundfjorden.
Ikkje heilt uventa, vart det ein del meir arbeid med murane enn rekna med og sjølv om karane stod på så lenge det var lyst - og vel så det, så står noko arbeid med murane att. Sjefsmurar Jørund Aklestad såg straks at dei attståande murane måtte rivast ned og setjast opp att på nytt om dei skulle verte stabile nok. Men som vi ser på fotoet under, kunne Odd Bjarne Bjørdal nokre dagar seinare, under sauesankinga, slå fast at mykje godt arbeid var gjort av dei tre.
Murane til gjettarbuda til Trefot-Jo vert nok ferdig i 2013, trur Odd Bjarne Bjørdal.
Kanskje har murbyggjarane foto av det arbeidet som vart gjort? I så fall set eg av plass her:
Om nokon framleis lurer på korleis det ser ut i Saudedalen, legg eg ved eit par foto under.
Til venstre: Utsikt frå døropninga til gjetarhytta. Til høgre: Utsikt over Norangsfjorden.
Kommentarar