”Frå fjord og fjære, frå fjell og dypen dal.”

 

Vi går mot julehøgtid.

Som vanleg samlast vi julaftan i Hjørundfjord kyrkje kl. 14.00.

Då er det familiegudsteneste med barnekoret og litt forskjellig.

Dette er gudstenesta som er fylt av forventning om ein flott familiekveld med oppfylte ønskjer og masse godt.

 Så vert julehøgtida ringd inn.

Og første juledag samlast vi til høgtidsgudsteneste. I våre strok er det mykje fjord og fjøre, og masse fjell og dalar.

Julekort sigmund 3 alt2

Stålberghornet i sein haustsol. Måleri av Sigmund Årseth

Men ingen plass på jord passar det vel betre å innleie høgtidsgudstenesta med denne Landstadsalmen, ”Frå fjord og fjære,” enn nettopp i Hjørundfjord kyrkje. For det er her folket bur, langs fjord og i dalar.

Det er difor eg med glede innbyd folket frå bygdene ved fjordane, og folket frå dalane til å samlast til høgtid i kyrkja.

Og så er det slik på første juledag, at di fleire som samlast, di fyldigare vert salmesongen, og stemninga av høgtid vert rikare.

Og Hjørundfjordkvintetten vil løfte oss enno eit hakk inn i kjensla av høgtid.

Så vel møtt i kyrkja julaftan, og gløym ikkje høgtida på juledag, velkomne då og.

God julehøgtid til alle.

 

                                                        Helsing Rolf Dyrhol