Venche Leite med musikarar og gjestesolistar vil i år arrangere tre førjulskonsertar i distriktet.


Fredag 21.12 kl 20:00 vil dei ha konsert i Hjørundfjord kyrkje.
Samansetninga av aktørar bidreg til eit rikt og variert program med både gamle og nye julesongar. I tillegg vil Venche mellom anna framføre "Bring him home" fra Les Misérables.

77849

Nina Vedeld Telseth vil framføre to eigenkomponerte songar og Nora Aurdal og Emilie Moe Vartdal vil óg bidra med kvar sine solistinnslag. Vi har også vore så heldige å få med Siv Aurdal som vil bidra på nokre duettar og vil vere sopra
n på John Rutters "God be in my head" som vert framført som trestemt a cappella.

Musikarar som deltek er:
Nina Vedeld Telseth: trekkspel, piano, melodika og vokal.
Mads Adrian Simonsen: akustisk gitar.
Erik Fooladi: perkusjon.
Levi-André Leite: bass.


Lyd/lys: Reidulf Botn.



Billettar kan bestillast på booking@vencheleite.com


Billettpris er kr.200,-  Born u/12 år gratis.



Vi ynskjer velkomne til ein varm og stemningsfull kyrkjekonsert der folk kan få sette seg ned og nyte vakker musikk i hektisk førjulstid.



Sponsa av Øye Maskin og Roth Daglegvare