Sokneprest Rolf Dyrhol og medlem av Ørsta kyrkjelege fellesråd, Ivar Svein Mo, er fortvila over det manglande vedlikehaldet av Hjørundfjord kyrkje. T.d. har manglande måling og vedlikehald av vindaugo i kyrkja  ført til at kitt har tørka opp og falle av.  Dermed trengjer vatn inn og  det er stor fare for at dei flotte glasmåleria på innsida skal ta skade om ikkje noko vert gjort straks, forklarar dei to.

4

Meir eller mindre slik ser dei fleste av vindaugo i Hjørundfjord kyrkje no ut.  Foto: Ivar Svein Mo.

Kyrkje, vatnevatnet 008
Medlem av Ørsta kyrkjelege fellesråd og Hjørundfjord sokneråd, Ivar Svein Mo, kan slå fast at målingsmangel gjer at heller ikkje vasstokken er noko vakkert syn.

I desse dagar held snikkarmeister Otto Stornes frå Vigra og Lars Olav Årflot frå Inge Kolås AS på med naudsynt og planlagt reperasjonsoppdrag i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø.  Det har vore ròtskadar på hovudinngangsdøra til kyrkja i lengre tid, men det var stormen  ”Dagmar ” som gjorde at det måtte reperasjonar til om ikkje døra skulle falle frå kvarandre.  I tillegg vert dei delvis opprotna vindauga i tårnet reparert.  Det er Ørsta kyrkjelege fellesråd som er oppdragsgjevar.

5
Her ser vi frå venstre  sokneprest Rolf Dyrhol, snikkarmeister Otto Stornes, fellesrådmedlem Ivar Svein Mo og spesialarbeidar Lars Olav Aarflot.

For lite vedlikehald

Sokneprest Rolf Dyrhol og medlem i Hjørundfjord sokneråd og Ørsta kyrkjelege fellesråd, Ivar Svein Mo,  set stor pris på det arbeidet som no vert gjort.  Dei peikar likevel på at  om ikkje reperasjonane hadde vorte gjort no, hadde tre av tårnvindauga falle ut innan heller kort tid.

 Dei to er også klare på at det er plikta deira å vise til vedlikehaldet som ikkje har vorte gjort dei seinare åra.  Ivar Svein Mo ikkje er ikkje spesialist på området, men han har blitt fortalt av fagfolk, m.a. Otto Stornes,  og ser ved sjølvsyn,  at no må vindaugo generelt i kyrkja kittast og målast på nytt.  Om ikkje vil det  leke inn så mykje væte  at vindauga vil rotne og glåsmåleria på innsida vil få skade.   – Hjørundfjord kyrkje ser kanskje bra ut på avstand, men går ein nærare inn på ser ein kva manglande vedlikehald gjennom mange år har ført til, seier Mo.

Oljelampen lyser

Snikkarmeister Stornes har fleire tiårs erfaring med vøling av  kyrkjer, men  brukar bilen som utgangspunkt når han skal skildre situasjonen i Hjørundfjord kyrkje. – Om oljelampen i bilen byrjar å lyse, stoppar vi snarast råd for å fylle på olje, eller vi får utført reperasjonen som må til for at lampen skal slokne. No lyser oljelampen i Hjørundfjord kyrkje, forklarar han.

2 3
Manglande vedlikehald fører etter kvart til at treverk i vindauga og dører må skiftast ut, noko som er lite ynskjeleg og kostbart, forklarar Otto Stornes. Foto til venstre:  Otto Stornes

Stornes fortel vidare at vedlikehald alltid er å føretrekkje framfor å setje inn nye delar.  Sjølv om han personleg har lang erfaring med reperasjonar på kyrkjebygg og er imponert over kollega Årflot sin kunnskap og arbeidsevne, så seier det seg sjølv at  det å felle inn t.d. nye sprosser i rotne vindauge er tidkrevjande og dermed  vert svært kostbart for fellesrådet/kommunen.

Vedlikehaldsavtale?

Otto Stornes understrekar at vedlikehald av kyrkjebygg må gjerast av personar som har kjærleik til desse kulturskattane.  Og dei som gjer arbeidet  må tenkje at denne reperasjonen skal vare i nye 100 år framover.  Difor kan t.d. ikkje moderne fugemassar  nyttast slik ein også ser døme på i Hjørundfjord kyrkje.  Det ser fint ut i fyrstninga, men etter kvart hindrar slikt kunststoff at materialen får tørke opp.  Dermed oppstår rotskadar på nytt.

For å halde kostnadane nede med vedlikehald/reperasjonar av kyrkjer har firmaet hans inngått ein vedlikehaldsavtale med fellesrådet i Haram kommune. Kvar vår tek firmaet  ei synfaring av dei fem kyrkjene i kommunen. På denne synfaringa tek dei også med seg ein lift slik at dei får rensa opp i  takrennene og ser t.d.  etter- og gjer flekking/målingsarbeid der det er naudsynt.  Om hausten tek dei ei ny inspeksjonsrunde og  gjer det som må gjerast før vinteren.  Etter kvar inspeksjon skriv dei også ein liten rapport.  Større reperasjonar vert evt. utført i samråd med kyrkjeverja.

Otto Stornes tenkjer at ein liknande  vedlikehaldsavtale  kan vere klokt å inngå også her i Ørsta kommune. Han konstaterer at kyrkjetenarane si  oppgåve ikkje fyrst og fremst er å vere vaktmeister lenger.  Men ein kvann må gjere vaktmeisteroppgåvene likevel.

-- Om ikkje Ørsta kommune no løyver meir pengar til vedlikehald av Hjørundfjord kyrkje, vågar eg knapt å tenkje på konsekvensane, avsluttar Ivar Svein Mo til hjorundfjord.no.