Bodil vart "Årets Bondaling 2012"

Julefesten 3.-juledag er tida for å sjå bakover i året som held på å verte avslutta og ein heiderspris til ein person, eller personar, som har gjordt ein stor innsats i bygda utan eiga vinning i tankane, vert heidra dersom der er kandidatar. Det er Bondalen Frilynde Ungdomslag som deler ut prisen og i år som tidlegare år, har det vorte ein klar kandidat som har gjordt seg fortjent.

Etter at juryeleiarane i nemnda til Bondalen Frilynde Ungdomslag hadde lese opp juryen sin begrunnelse, for at akkurat Bodil Skare Riise hadde vorte utnemnd, kom kandidaten sjølv på scena.


Gleda var stor og ho takka og rosa dei som ho har hatt rundt seg. Det er ikkje vanskeleg å få til dugnadsånd og fellesskap når alle hoppar så snart som eg seier noko, sa ho. Og ikkje minst, ho hadde verdas mest tolmodige mann og prisen måtte i allefall delast mellom henne og Rolf, for utan han hadde det nok ikkje vore mogleg for henne å delta i så mykje som ho er med på- avslutta ho.


Bodil og Rolf 2012 farger_1_1

Bodil Skare og mannen Rolf Riise.

Bak ei kvar kvinne står ein mann eller var det omvendt? Bodil vart kåra til "Årets Bondaling 2012" og var heilt klar i sin utale om at dette var ein pris som ho måtte dele med mannen sin. Utan han hadde ho ikkje kunne delteke i så mykje rundt seg, som det ho akkurat hadde fått heidersprisen for.


Juryen sin begrunnelse:

Årets Bondaling er ein person som er bestemt, men har stort sett allitid godt humør og eit smil på lur. Det er ein person med mykje på agendaen, men finn som regel alltid ledig tid til å stille opp når det trengst.

Denne personen har eit pågongsmot og engasjement av dei sjeldne, og når det er noko denne personen brenn for, då vert det gjort!
Personen stiller ofte opp på dugnad, uansett kva som må gjerast- tunge tak er inga hindring.

Personen blir sett på som ei ildsjel i Bondalen og er på det meste med full energi. Ildsjela legg ned mykje arbeid i trimgruppa, blant anna fjelltrimpostane, måndagsturar, zumba og generelt det som gjeld trening og fysisk aktivitet i dalen.

Denne dama har sjølv med fire ungar, ikkje stått fast og stiller opp for ungane i deira aktivitetar. Ungane har sjølv blitt aktive, og denne dama har mellom anna vore både lagleder, supportar og sjåfør.
Årets Bondaling er aktiv innafor politikken, og har representert Hjørundfjorden i kommunestyret.

Av andre fritidssyslar kan vi nemne at handarbeid, dropskoking og interesse for kylling og høns, står høgt prioritert.
Ho var å sjå på ein risdekkande TV-kanal på 90-talet, der ho under programmet "Du skal høre mye" fortalde om "Blåveis i kirka"

Denne dama skaper trivsel og glede rundt seg og blant arbeidskollegaer og bebuarar på Hjørundfjordheimen.

Årets Bondaling er sjølvaste Bodil Skare.