10. klassingane stod for mykje av tilberedinga for festen.
Konfransierar for kvelden var Lise Stokke og Jørgen Andreas Mo. Dei var veldig flinke og leda oss godt gjennom kvelden. 

T

Det første på programmet var sketsj av Lise, Martine, Marta og Tore. Røynde som dei har vorte, viste dei ei god framsyning til stor begeistring frå publikum.

t (2)

Etter skjetsane, var det tid for den årlige duetten av Einar og Yngve. Einar syng O'helga natt, menst Yngve spelar gitar vedsida av. Og for nokre talent! Dette var meget bra, kanskje Einar burde satse på sangkarriere?? 

t (3)

Etterpå var det kåring av årets bondaling. I år gjekk prisen fortjent til Bodil Skare! Ho er ei som tek initiativ til ting vi kan finne på i bygda. Som trimturar, zumba, aktivitetar på hjørundfjordheimen og mykje meir. Gratulere so mykje til henne!! 

t (4)

Så var det klart for opplesing av lagsboka der vi får ei oppsumering av hendingar i bondalen og omegn gjennom året, gjerne med ein litt humoristisk synsvinkel på det heile.
Også ei nynemnd skulle opplesast. Dette blei gjort av Yngve Frøland. 

DSC_0123

Etter eit flott program var tida klar for mat. Komiten diska opp med spekemat, salat, og brød attåt, noko som fell godt i smak.

Etter mat og koseleg prat, var det klart for å riste av seg litt av julematen. Guro Håvik m/band spelte opp til dans med flott musikk, og mange svinga seg i salen.

t (7)

Så vil eg takke for ein superkveld! Og sidan det er 31.12 idag vil eg ønske alle eit godt nyttår også! :)