Strikkekafeen går som det suser på 7 sesongen på rad.Takka vere godt oppmøte og positive damer.

 I år som dei andre åra har vi ope kvar onsdag i "mørketida" frå kl 19.00 til 22.00. Matlaging og kaffikoking går på omgong,og dette fungere flott.  Vi legg vekt på det sosiale så dersom du ikkje kan eller vil strikke ,er du like VELKOMEN :)

Komande onsdag får vi besøk av strikkekafeen frå Stryn og Ørsta Stoffsenter.Denne kvelden verte det servert gratis mat, men høve til og få kjøpe seg lodd.Ørsta Stoffsenter har med seg garn og mønstrer for salg.

Velkomen til ein trivelig kveld.

Med helsing AnnHelene og Ingvild.