Kvifor legg dei ned legekontoret på Bjørke før Sæbø er lagt ned? Vi har fastlegen vår på Sæbø ennå!

I brevet skriv dei at dei forstår at det blir langt å reise til Sæbø, so kvifor påføre folket denne ekstra belastinga det medfører å reise til Sæbø?

Når dei snakker om lang vei, har dei då teke med i planene at Aldalen kan vere stengd om vinteren?

Korteste veien til Sæbø er med båt, men tilbud til folket om å bruke båten, har dei ikkje i teke med i brevet. Har dei gløymt at fjorden er vår viktigeste ferdselåre?

Kommuna skal tilby legetenester til alle innbyggerene og dei får tilskot frå staten for kvar pasient. Høyrer ikkje vi med i det manntalet lenger?

Kommuna kan ikkje kreve at vi bytter fastlege, sjølv om dei i det dei skriv, kanskje håper på det.

Det Bjørkefolket spør seg om er :

Har Kommuna so store utgifter på Bjørkekontoret?

Tussa betaler for kontoret!

Båten er stort sett betalt ved tilskot (kjøpte turer) som kommuna alt har betalt gjennom tilskot til båten.

Kva sparer kommuna?

Kvifor legge dei ned på Bjørke so lenge vi har fastlegen vår på Sæbø?

Noko skurrer her!

PIC_0002

 

 PIC_0001

Same maset og lite nytt.

Folk er harme!

Folk på Bjørke vil ikke bytte fastlege . (heller uten fastlege seier dei)

Dei seier at dei har ein fastlege og vi har kontor på Bjørke og på Sæbø..

Kva vi finn på når det er vekk er ei anna sak, men i dag har vi kontor og fastlege.

Man grev ikkje ned kyra før ho er daud!

Folk håper at vi skal sleppe å ro til sæbø når vi har ein gode båt liggende på Sæbø.

1.Kommuna skal drive en forsvarlig helsteneste. Blir det det på Bjørke?

2.Når det gjeld det å flytte til Hornindal må vi først sjå ein skriftelig avtale mellom kommunene, ellers får folk problem med refusjoner -drosjer m.m hos Helfo. 

3.Folk synest det var rart at vi ikkje får tilbud om å bruke båten "MS Hjørundfjord" til Sæbø?