Folket i Hjørundfjorden og Bondalen

Representert ved lag og organisasjoner

Skrivar Sæbø Grendalag, v/Marit Riise Olsen

 

Ørsta Kommunestyre

Ørsta                                                                         

Sæbø 11 november 2012

 

Legesaka Sæbø – og Bjørke

Viser til møte med sentrale politikerar frå alle partia i Ørsta kommune, ordfører og varaordfører. Møtet vart holde på Sæbø Klubbhus måndag 23 januar 2012

På møtet vart det lova at ein skulle sjå på reknestykket, om det faktisk ga reel innsparing ved å legge ned legekontora på Sæbø og Bjørke.

Fortsatt venter vi på reknestykket, som kan vise dei innsparingane som var grunnlaget for ei slik beslutning.

Vi har forståelse av at Ørsta kommune må snu alle steiner for å få oss ut av Robek-lista.  Men skal politikerane opprettholde sin tillit frå innbyggerane, skal innsparinga vise seg tydleg, uansett om det er nedlegging av legekontor, eller andre tiltak. Dette er ei beslutning som får store menneskelige konsekvenser, spesielt for dei eldre.

Bjørke legekontor vert lagt ned 1 desember, utan  reknestykket, og kva som skjer med Sæbø er uviss.

Vi ber om at kommunestyret tek saka oppatt, slik at vi kan få eit vedtak som er tufta på riktig grunnlag, og ikkje eit prinsippvedtak. Ro og forutsigbarhet er viktig for å beholde legen, rekruttere, men og for trygghet, trivsel og utvikling i bygdene vår.

 

Med Helsing

Folket i Hjørundfjorden

Lag og organisasjoner

Skrivar Sæbø Grendalag, Marit Riise Olsen