Mange hugsa den sangglade svenske jenta som jobba i kyrkja fyrst på 90-talet, med konfirmantar og ellers i kyrkjearbeidet. Soknerådet har lenge hatt det framme som eit ynskje å få ho til å halde konsert når det har vore snakk om tilstellingar i soknerådet sitt regi i kyrkja.

Ann Helene Urkegjerde er medlem i Hjørundfjord soknerådet og ho sa seg villig å kontakte Åsa og det lukkast, og i går kveld, på onsdag 28.nov Kl. 19, var Åsa på plass med sine to med-musikantar i gruppa Misjra.

Åsa Forngren Thorstvedt  budde i Ørsta/Volda-området i fleire år medan ho studerte, og er kjend for mange gjennom sin song i kyrkjer, bedehus og andre stader.  På Sæbø jobba ho i fleire år med konfirmantar og barnekor.  Magnhild Mo er utdanna cellist frå Stavanger, Basel og Stockholm, og jobbar no som kantor i tillegg til oppdrag som frilansmusikar.  Ola Ohm er i dag prest og pastor, men har kyrkjemusikkutdanning frå London og Stavanger, og jobbar i tillegg frilans som pianist og organist.

Konserten har dei kalla "Himmelvendt".  Konserten er bygd opp rundt songar og musikkstykke som handlar om himmelen, og det vart både solosong, fellessong og instrumentale innslag. I alt vart det framført 13 framføringar av dei tre, og dei rundt 50 frammøtte fekk høyre opplesing, salmar og songar av den svenske salmediktaren Lina Sandell og musikk og sang frå ein musikal skreve av Benny Andersson and Björn Ulvaeus frå Wiliam Moberg sine bøker. Det var også norsk musikk av Rolf Løvland og allsang.

-Å kor glad eg er for å kunne få være her, opna Åsa. Det er 15 år sidan eg flytta herifrå og dette er kyrkja i mitt hjarte der eg jobba, og til og med gifte meg, fortalde ho. No bur eg på Jæren og har 3 born og er fortsatt aktiv i kristeleg arbeid med sang og musikk. Vi er no akkurat ferdig med ein ny CD som vi skal spele og synge frå denne kvelden.

Alle-tre

Magnhild Mo på Cello, Åsa Forngren Thorstvedt sang og Ola Ohm på piano

Åsa-Forngren-i-kyrkja-1

Ei strålande Åsa la alt ho hadde i sangen i kyrkja denne kvelden. Ho hadde ei utstråling som gjekk inn med folk. Her med "Reis meg opp" av Rolf Løvland

122811Åsa-Forngren-i-kyrkja

Cellisten Magnhild Mo som er både kantor og dommar og var ein flott medspelar til Åsa, i tillegg så hadde ho instrumental soloinnslag ilag pinaniste Ola Ohm. Ho hadde også to innsalg med opplesing.

IMGP3935

Fram i mot 5o personar hadde møtt opp for å oppleve denne flotte stunda i Hjørundfjordkyrkja.

Magnhild-Mo-les1

Magnhild Mo las frå Bibelen.

Soknepresten-ogÅsa

Etter dei tre var ferdige, takka Sokneprest Rolf Dyrhol dei tre for ein fantastisk fin konsert. Han fortalde Åsa at han har vore prest i Hjørundfjord kyrkja i snart tre år, og jamt og samt har det vore prata om Åsa og når vi skal få ho til å kome og halde konsert. I kveld var du her, og eg var forventningsfull og du oppfylte alle mine forventningar, og vel så det, takka han henne og dei to andre.

Så-var-det-sal-av-CD

Tilslutt var det sal av den nye CD`n som dei tre nettopp har fått ferdige.