Innkalling til folkemøte


Det har vorte ytra ynskje om at nemnda skal ha eit folkemøte ang Hjørundfjorddagane.

Vi står i dag ved eit vegskilje for korleis vi skal arrangere Hjørundfjorddagane vidare.

Arrangementet er bygda si stoltheit, og det er ein stor dugnadsinnsats som vert lagt ned kvart år for å få dette til. Likevel ser vi at vi treng eit felles løft og litt nytt pågangsmot.

Mange kjenner kanskje på at vi gjer det same kvart år, og at å arbeide under Hjørundfjorddagane er noko ein helst vil sleppe. 

Kva kan vi gjere for å endre på dette?

Vi har fleire tema som vi ynskjer å diskutere, og vi treng at DU kjem for å diskutere vegen vidare ilag med oss:

 

- Vi vil organisere nemnda i fleire små arbeidsgrupper jmf matnemnda. På denne måten får fleire arbeidsoppgåver som dei trivst med, og som ein kan arbeide meir effektivt med.

- Hjørundfjorddagane har vorte arrangert på same måten i mange år. Er det på tide å tenkje nytt?

- Inntektene er for lave, og skal vi arrangere Hjørundfjorddagane vidare må vi kanskje finne nye måtar å auke innteninga på.

Under desse hovudtema har vi mykje å diskutere. Treng Hjøundfjorddagane eit større fellles løft?

 

Tid: Tysdag, 4. desember kl 20.00.

Stad: Klubbhuset



MØT OPP OG SEI DI MEINING!