Hjørundfjordnaturen må mange fleire få oppleve. Det kan skje ved at tilbodet vert gjort kjent. Eg har alltid tenkt at både hurtigrute- og cruiseskipspassasjerane på eit tidspunkt må bli overmetta (og kvalme?) av souvenirhandel i byane og i sentra dei skal innom. Resultatet av marknadsanalysen på Hurtigruten stadfester at passasjerane set pris på noko ekstarordinært - noko anna.
Og den som skal vere vertskap, må lære seg det som på godt norsk heiter gjestfridom. Vi må ikkje demonstrere at våre gjester er velkomne berre viss dei legg etter seg mest mulig pengar - utan at det som er til sals har rett pris. Gjester betaler for kvalitet, men ikkje for verdilause glansbilete. Utan å nemne namn, tillet eg meg å nemne at det finst eksempel på vertskap som ikkje eig folkeskikk!
Men det må satsast ein del på marknadsføring framover. Den beste reklamen fjorden kan få, er likevel at nettopp Hurtigruten har valt Hjørundfjorden som ein del av verdens vakraste sjøreise. Difor kjem Hurtigruten tilbake neste år i heile september og oktober. Når dei ikkje lenger er bundne av kontrakt med Geiranger, vil eg tru at både vår og sommar kan friste.
Mitt beskjedne bidrag til å gjere fjorden kjent, ligg no som fast stoff på Hjørundfjordportalen under oppslagsordet Tourist information øvst på sida. Klikk på den, så viser venstremargen tre titlar om Hjørundfjord og Norangsfjorden.
Norsk versjon har denne linken:
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=173
Engelsk versjon har denne linken:
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=174
Tysk versjon har denne linken:
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=175
Dette er ein vegvisar for gjester som kan tenkje seg ein tur innover Hjørundfjorden, Norangsfjorden og gjennom Norangsdalen.
Frå Otålhornet ser vi fjorden frå Viddalområdet og nordover. (Foto: Svein Myhre.)
Eg oppfordrar alle våre venner til å formidle linkane med bodskapen om den vakre Hjørundfjorden på Face-book og andre sosiale media. Det er og eit middel for oss som brukar e-post.
Kanskje du vil tipse framtidige gjester litt om kva ein kan by fram. Sjølvsagt er dette ikkje ei fullstendig oversikt over alt, men kanskje noko som kan skjerpe appetitten?
Kommentarar
Takk til Per for flott presentasjon!
Så langt er det 507 som har opna norsk versjon, 89 har opna engelsk og 59 har opna tysk versjon. Det blir jobba for å formidle "det gode bodskap". Takk for jobben!
Så langt er det 610 som har opna norsk versjon, 105 har opna engelsk og 71 har opna tysk versjon. I alt 786. Så er det mitt håp at nokon har fått suget etter ein tur til Hjørundfjorden.