Til alle foreldre og barn i 1. – 5. Klasse

 

MINNER OM AVSLUTTINGSFESTEN FOR SESONGEN 2012

 

Dette er ein fest der vi ønsker velkommen dei nye 1. klassingane og seier takk til 5. klassingane som har delteke på aktivitetane til barneidretten i år. Datoen er sett til fredag 23. November  kl 18.30 – 21.00 på klubbhuset. Alle barn får utdelt pokalar. Ta med mor, far og søsken og møt opp. Det blir pizza, brus, kaffi , kaker, loddsal og disco.

Til opplysning er det i år 25 år sidan barneidretten på Sæbø starta opp, som ein av dei første i fylket!!

Velkommen !!!

 

Vil også minne om at kommande Søndag er det siste gong med bading i varmtvassbassenget før jul. Etter jul startar vi opp att 6. Januar og har bading kvar søndag til 17. Mars. Sidan det er litt lite oppmøte, har vi også opna for at barnefamiliar i førskulealder har høve til å delta.

 

Mandagane frå 7. Januar til 11. Februar  frå 18.30 planlegg vi å arrangere skirenn på Bondalseidet. Her er også barn i førskulealder velkomne.

 

Helsing styret i barneidretten, Sæbø IL