3dagfinn hovden tindekliv
Dagfinn Hovden, ei legende i fjellklatringsmiljøet, er klar
med
boka si "Tindekliv på Sunnmøre"

Klatrehistoria på Sunnmøre er endeleg komen i bokform.  Det har klatrar, skribent og no også forfattar, Dagfinn Hovden sytt for.  Torsdag fyrstkomande (11.10.12) klokka 1900 vert boka presentert på Kunsthuset i Ørsta.  Alle er hjarteleg velkomne.  Les meir om boka ved å klikke her.

Dei fleste som kjenner til Dagfinn Hovden veit at han var sjefen på Grepa i fabrikken sine beste år, men når arbeidsdagen var slutt på laurdagen sette han seg gjerne på sykkelen og sykla langt før han saman med ein kamerat klatra ei ny rute - sommar som vinter.

Redaktøren av boka, Helge Standal i Iriss forlag, har lagt stor vekt på å få med dei gode, historiske fotoa.  Standal, saman med Stig J. Helset, har også vore medforfattarar av boka.  Mens Dagfinn Hovden tek seg av historia, tek medforfattarane seg mellom anna av klatreruter og turar  frå den seinaste tida.

Dei lokale klatrarane har på ingen måte vore PR-kåte - dei har klatra rutene og gjort sitt nærast utan at nokon har visst om det.  Sjå på fotoet under - kven har visst at muraren/skiferleggaren/betongarbeidaren Peder Sørheim også var ein framifrå fjellklatrar?

I dag er det "in" med klatring, men tenk på pionerane, les boka, sjå på fotoa.  "Tindekliv på Sunnmøre" er klatrehistorie.

plakatstornett holtannspinakkelen63
Peder Sørheim klatrar nordaustegga på "Råna"
i 1975.  Innfelt:  Dagfinn Hovden tek seg ei pipe på Kolåstinden
Per Pettersen og Egil Leikanger frå Herøy på
Holtannspinakkelen i 1963.  Begge foto: Hallkjell
Buset