Bildenemda i Hjørundfjord Sogelag arbeider med bildestoff til Årboka som kjem ut snart, og vi vil ta føre oss litt små og store hendingar frå Hjørundfjorden i forskjellige tisdrom.

Ei stor hending som skjedde for 40 år sidan, var den dagen Cliff Richard underheld på Sæbø. Møre-Nytt skriv at her var over 2000 menneske samla.

Det heile dreia seg om ei filminnspeling der Cliff hadde hovudrolla.

Vi treng eit fint bilde av god kvalitet som viser den store folkemengda som var samla i Sæbøgarden denne dagen i slutten av juli.

Spill inn

Her er Cliff i aksjon med store og små frå alle stadar som tilhøyrarar. Bilde er klipt frå filmen på Yoy-Tube og ikkje godt nok til trykk.

Har du ei fint bilde som viser denne hendinga og har lyst at det skal kome i nyeboka så ta kontakt med oss.

Kontaktperson. Ivar Svein Mo,  mob 90203236 for avtale.  Har du bilde digitalt så kan du sende det til mosveise(alfa)tussa.com

Eigar av bilde får sjølvsagt namnet sitt i boka etter ynskje.

Cliff sitt besøk har vore omtalt før på portalen:

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=930

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=3270