Hjørundfjord Sparebank

Hjørundfjord Sparebank hadde sitt første ekspedisjonsmøte 12. juni 1880. Den første tida var det ulike kontorlokale, men frå 1955-1971 kom dei inni eige bygg, nyoppførd i 1. etasje, i dagens "Bankbygg" på Sæbø. I 1965 byrja bygginga av dei to etasjane over, og frå 1971-2012 flytta dei inni 2. etasje i bygget, etter fullføring av det 3 etasjer store bygget.

Frå 1919-1930 og frå 1951-2004-hadde banken i tillegg filialkontor på Bjørke, med ekspedisjon kvar veke/14. dag.

Men i går den 25.oktober 2012 flyttar banken tilbake der dei var fram til 1971, i tidsriktige, nyinnreia lokale i 1. etasje i ”Bankbygget”, med ny minibank og handikaptilpassa lokale.

Bankbygget vart selt i 2011, då plassbehovet til banken er vesentleg redusert etter inntog av automatiske banktenester.

Sidan 1. januar 1965 har Hjørundfjord Sparebank vore samanslutta med Volda og
Ørsta Sparebank. Frå 2006 har banken vore tilknytta SpareBank 1 Gruppen, men
framleis som ein sjølvstendig bank.

Banken sitt namn er deretter endra:

Hjørundfjord Sparebank
Frå 2006 SpareBank 1 Volda Ørsta
Frå 2010 SpareBank 1 Søre Sunnmøre

P1020581_1

Avdelingsstyraren Venke Vik Nordang har fått seg eit romslig kontor på gatenivå, som er lett tilgjengeleg for alle grupper som har behov for bankteneneste. Avdelingskontoret har hatt rekordbesøk denne dagen med barnehageborn og voksne kundar som ville sjå det nye kontoret.

Avdelingsleiaren

Venke har vore leiar for kontoret på Sæbø sidan 1991 og er det framleis. Ho er
glad for at SpareBank 1 Søre Sunnmøre viser vilje og evne til fornying av banken
på Sæbø. Mykje har endra seg i bankmarknaden sidan Venke byrja i banken.
Mellom anna er det stilt strengare krav til kompetanse, og ho er sjølv autorisert
finansiell rådgjevar og er glad for at ho har med seg fleire autoriserte rådgjevarar
i ryggen.
Bank er i dag både kontor- og nettbasert - og for at banken skal kunne
yte nødvendig service til kundane sine, satsar ein på kompetanse i alle kanalar,
kontornettet, Mobilbank, Nettbank og Kundesenter med opningstid til kl. 20.00.

Utviklinga berre rullar vidare.

Banken har autoriserte breidderådgjevarar innanfor finansiering, innskot, anna
plassering og forsikring. Sparing til ulike formål har alltid vore eit godt råd, og meir enn før er no sparing til pensjon eit aktuelt tema. Banken har god kompetanse og gode støtteverktøy til hjelp i rådgjevinga.

Opningsdagen i banken 12_1

Banken er i dag fri for kontantar og den største verdien banklokale har, er det store måleriet som heng på veggen av Hjørundfjorden frå slutten av 1800 talet. Etter godt besøk av gamle og unge kundar med servering av marisipankake og bollar og brus, tidlegare på dag, møtte etternølarane opp og gjorde ende på siste kakestykke. Fv: Ole Johan Riise, Venke Vik Nordang, Knut Hustad og Vegard Riise

 Kunde Martin Haugen_1

Kundar som har brukt banken i alle år setter pris på at Sæbø forsatt har eit av delingskontor. Her er Martin Haugen innom for å benytte seg av banken sine gode tilbod.

Unge kundar i banken_1

Og på ein slik dag er sjølvsagt dei yngre og dei komande kundane innom på eit besøk. Avdelingsstyrar og banken veit vel at her har dei å gjere med framtidige kundar, som er livsviktige for den framtidig bankdrifta, så denne gruppa vert behandla vel så bra som alle andre. Avdelinga har ikkje pengar, så sparebøssa må nok til avdelingane i Volda eller Ørsta, men i dag vanka det litt smågåve til dei tre. Framme Adrian, Joakim og Vegard


Bilder frå banken si FB-side