Vi har god tru på at Hurtigruten si erfaring frå prøveperioden frå 15. - 26. september har gitt meirsmak. Vi ventar at Hurtigruten blir å sjå på fjorden også neste år. Med eit godt opplegg neste år, har vi tru på ein forlenga sesong - utover konseptet "Autumn Gold".

I mellomtida skal vi minne alle andre, frå småbåteigarar, kajakkpadlarar og turistskip om at dette er den mest eksklusive turistfjorden i landet.

Hurtigruta_Skår 

Her ligg "Polarlys" for anker straks utanfor Urkekaia og tenderbåten "Hjørundfjord" ligg på styrbord side og er klar til å transportere gjestene til land. (Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt)

Vi trur og at mange fleire vi vinne vegen til Hjørundfjorden etter kvart og det gjeld no at alle gode krefter samarbeider for å få dette til.

Det er produsert ei orientering som er lagt inn på Hjørundfjordportalen. Denne ligg inne på dei statiske sidene som ein finn fram til ved å klikke på "Tourist Information" over tekstfeltet og deretter i venstremargen under "Norsk" på stikkorda "Hjørundfjord og Norangsfjorden."

Linken til same sida er: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=173

Vi oppfordrar alle våre venner til å bruke denne linken og formidle linken med  bodskapen om den vakre Hjørundfjorden på Face-book og andre sosiale media.

 

Otålhornet-F Svein Myhre

Frå Otålhornet ser vi fjorden frå Viddalområdet og nordover. (Foto: Svein Myhre.)

 

Orienteringa som ein finn fram til er laga for eit par år sidan då Hurtigruten antyda at turen til Geiranger var både langdryg og kostbar. Alle kapteinane i Hurtigruten fekk denne då, og kanskje er det noko som har verka i positiv retning.

Denne nye utgåva har med litt om årets hurtigrutevitjing og har ei geologisk forklaring på korleis fjorden vart skapt av istidene og korleis fjelltoppane vart sparte for isen. Difor har vi både fjorden og Sunnmørsalpane å skryte av!