Vi har god tru på at Hurtigruten si erfaring frå prøveperioden frå 15. - 26. september har gitt meirsmak. Vi ventar at Hurtigruten blir å sjå på fjorden også neste år. Med eit godt opplegg neste år, har vi tru på ein forlenga sesong - utover konseptet "Autumn Gold".
I mellomtida skal vi minne alle andre, frå småbåteigarar, kajakkpadlarar og turistskip om at dette er den mest eksklusive turistfjorden i landet.
Her ligg "Polarlys" for anker straks utanfor Urkekaia og tenderbåten "Hjørundfjord" ligg på styrbord side og er klar til å transportere gjestene til land. (Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt)
Vi trur og at mange fleire vi vinne vegen til Hjørundfjorden etter kvart og det gjeld no at alle gode krefter samarbeider for å få dette til.
Det er produsert ei orientering som er lagt inn på Hjørundfjordportalen. Denne ligg inne på dei statiske sidene som ein finn fram til ved å klikke på "Tourist Information" over tekstfeltet og deretter i venstremargen under "Norsk" på stikkorda "Hjørundfjord og Norangsfjorden."
Linken til same sida er: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=173
Vi oppfordrar alle våre venner til å bruke denne linken og formidle linken med bodskapen om den vakre Hjørundfjorden på Face-book og andre sosiale media.
Frå Otålhornet ser vi fjorden frå Viddalområdet og nordover. (Foto: Svein Myhre.)
Orienteringa som ein finn fram til er laga for eit par år sidan då Hurtigruten antyda at turen til Geiranger var både langdryg og kostbar. Alle kapteinane i Hurtigruten fekk denne då, og kanskje er det noko som har verka i positiv retning.
Denne nye utgåva har med litt om årets hurtigrutevitjing og har ei geologisk forklaring på korleis fjorden vart skapt av istidene og korleis fjelltoppane vart sparte for isen. Difor har vi både fjorden og Sunnmørsalpane å skryte av!
Kommentarar
Dette bør vel vere ei oppgåve for Grendalaget i samarbeid med Hurtigruten? Ver merksam på at dei fleste der ombord er utlendingar og snakkar ikkje norsk/nynorsk.Behovet for bedre skilting på Urke har vore nemnt tidlegare.
Vi vil minne om at det er ikkje minst Hjørundfjorden som er trekkplasteret. At det var Urke som vart valt som ilandsetjingsstad, er Hurtigruten sitt val for å kome m.a. til Norangsdalen som er hovudmålet.
Grendalaget fekk ei rolle til å hjelpe til med guiding i bygda slik Hurtigruten ønskte det. Opplegget vart radikalt endra undervegs heilt fram til siste dag før oppstart.
I alt var det 15-18 guidar utanfrå som ikkje fall inn under Urke Grendalag sitt arbeidsfelt.
Vi registrerte at mange av passasjerane sette stor pris på å kome til ei lita, vakker bygd. Dette er første stoppestad etter Bergen og på reisa vidare nordover vil dei få rikeleg med tilbod om å kjøpe og shoppe i by etter by. Ei Hjørundfjordbygd vil difor vere unnataket i motsetning til dei andre stoppestadene.
Arrangøren, Hurtigruten, har invitert til evalueringsmøte der også Urke Grendalag skal delta. Sjølvsagt skal seinare opplegg ta omsyn til dei erfaringane ein fekk desse 11 dagane. Alt kan gjerast betre.
Ovanforståande oppset er ikkje meint som vegledning for hurtigruteturistar som ikkje forstår norsk.
Likeeins å vite kor fantastisk ho har vorte motteke på land av frivillige.
Per Urke har rett i det han skriv.
"Hjørundfjorden er reisemålet og trekkplasteret," men Urke er den naturlege stoppestaden nett grunna argument som Per Urke nyttar.
Det viktige no er å få ansvarshavande i Hurtigruta til å bestemme seg for å kome attende til Hjørundfjorden. Først då kan ein som Svein Urke etterlyser, "profesjonalisere" mottak/opplevingar.
Men å verte for profesjonell vil kunne bety at ein misser særpreget, verte for femna inn i det sedvanlege og det kjedsame.
Hjørundfjorden har mange vakre bygder med særpreg. Etterkvart som hurtigruta vonleg vel Hjørundfjorden som fast destinasjon, kan kanskje både Standal,Trandal, Sæbø, Bjørke få vitjing....?