Her er linken:
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=162

Det er den største av hurtigruteskipa, "Trollfjord", som opnar Autumn Gold, eit reiselivstema  reiarlaget vil presentere for sine gjester.

Trollfjord

"Trollfjord" har plass til 7-800 passasjerar

I dei etterfølgjande ni dagane - fram til 25. sept. -  vil dei andre av Hurtigruten sin skip stemne innover Hjørundfjorden og inn over Norangsfjorden. Litt utanfor kaia på Urke, ca. kl. 11., ankrar skipa opp og skyssbåten "Hjørundfjord" skal vere tenderbåt mellom hurtigruta og kaia.

KH Frå Leknesnakken 

Det er m.a. til denne naturen vi ønskjer hurtigrutepassasjerane velkome til. Foto frå Leknesnakken innover Norangsfjorden. Urke i framgrunnen. Øye i fjordbotnen. Slogen, Skruven og Konehornet dannar bakteppet. Foto: Knut Hustad.

Deretter vert passasjerane delte i to grupper, den eine skal i bussar til Norangsdalen medan den andre gruppa går på bygdevandring på Urke. Når første bussturen returnerer til Urke, skal gruppene byte plass.  Hurtigruta tek gjestene ombord att ca. 15.30.

Trollgjøttemannen

Trollgjøttemannen mellom Molaup og Nes kan det kanskje bli råd å få helse på.

Ørsta Næringskontor har øvste ansvaret for opplegget, men både Ørsta Turistkontor og Urke Grendalag er tildelte viktige roller for å få dette opplegget til å fungere.  I siste veke har det heile 20 guidar som gjennomførte bygdevandringa og turen i Norangsdalen.

Opningsdagen, søndag, vil det bli eit ekstra opplegg på Urke som vi ikkje vil røpe på dette tidspunktet.

lygnstoeylvatnet1

I Norangsdalen ligg Lygnstøylvatnet med restane etter selmurane under vatn.

Vi veit at ei gruppe har planlagt å tennne vardar på fjelltoppar innover fjorden, men dette er utanom Næringskontoret sitt opplegg. Det vil i alle høve vere viktig at vardebrennarane presenterer opplegget sitt som ein velkomst og ikkje som eit varsel om at det er fiendar som kjem. Det var nemleg det som var bakgrunnen for vardebrenninga. Viktigaste varden i Hjørundfjord var plassert på Leknesnakken. Fjellet er ikkje så høgt, men er godt synleg for dei fleste i fjorden. Og når tåka ligg rundt toppane, var det lite vits i å brenne varde på Slogen. La dette vere nemnt som eit tips til eventuelle vardebrennarar!

Turistane skal få sjå den vakre naturen Hjørundfjorden kan by fram. Men dei skal og få eit innblikk i korleis livet i ei bygd artar seg. Det finst gjester som ikkje har gått på ein grusveg tidlegare. Gjestene skal få sjå at det er mange stader og bygder som er fråflytta eller er truga med fråflytting.

I det at Hjørundfjorden er valt som eit reisemål for Hurtigruten, er eit kvalitetsstempel som i neste omgang er til fordel for turistnæringa som det vert satsa på i Hjørundfjord.

La vi ønskje hurtigrutepassasjerane velkomne til gards på ein korrekt og verdig måte.