Ny kokebok med lokale mattradisjonar

Olaug Myrhol Hatløy frå Myrholen og dotter til Trygve og Betsy Myrhol, har saman med Ingebjørg Lyster frå Leikong arbeidd i ti år med eit bokprosjekt. Vi har tidlegare vorte kjend med Olaug her på portalen, der ho viste oss korleis ein laga til bla saudehaud.(sjå stikkord lista til høgre)

_MG_9068

Forfattarane Ingebjørg Lyster frå Leikong og Olaug Myrhol Hatløy frå Myrholen i Bondalen, vil sjølve signere boka si på Bellingen laurdag (foto Grete Bjørdalsbakke)

Dei to forfattarane arbeidar begge som faglærarar ved Herøy vidaregåande skule. For dei har det vore viktigt å få gje ut ei bok om tradisjonsmat på Sunnmøre som er meir enn berre oppskrifter. Dei vil ha med historiene om folket, om mattilfanget og korleis det var å være husmor ved starten av 1900-talet.

DSCN5460
Konservering av mat var
viktig arbeid før.

Både Olaug og Ingeborg har vokse opp på gard og Ingebjørg driv også i dag heimegarden på Leikong der ho har kjøtproduksjon.

Dei to begynte på boka for ti år sidan og har hatt med fotografar og dei 150 bilda som boka innheld, er det Aksel Knutsen og Grete Bjørdalsbakke som står for. Dei 200 oppskriftene med historia som er fortalt ved innsamlinga er det forfattarane som står føre. Her kan lesarane få kjennskap til korleis mat vart teken vare på frå jord til bord. Mange av desse metodane som bla konserveringsmåtar for kjøt og fisk er heilt ukjent for dei fleste i dag, då vi ikkje treng det fordi nye metodar har overteke og ein treng ikkje tenke på det.

Boka vart lansert for fyrste gong i Fosnavåg under Makrellfestivalen 8.september. Bokhandlarane lokalt og ei av daglegvarekjedene vil også  selje boka.

Vi vonar at dette med tradisjonsmat og historiene kring maten kan være noko som fengjer folk. Å få matlukt i huset, kunnskap, dette med samvær kring god mat betyr mykje for oss. Det viser røtene våre og det er viktig å ta vare på. For oss har det vore eit mål å lage ei kvalitetsbok om mattradisjonar , seier Olaug.

Olaug og Ingebjørg håper mange kan ta turen til Bellingen på Sæbø laurdags ettermiddag og treffe dei, slik dei kan fortelje om innhaldet i boka. Kanskje kan dette verte ei julegåve også, for jula nærmar seg fort.