Mandag 24. - fredag 28. september vil det vere folk til stades på Sæbø bedehus kvar kveld  kl. 18.00 - 21.00 for å ta imot "lopper".

 Fele

Denne fela har nok sett betre dagar, men ein nevenyttig person kan kanskje sjå seg syn med å fikse den? Fela ligg i ei flott trekasse.

Krakk

Ein campingstol i ekte retrostil.

HandarbeidFlott handarbeid, metallboksar, dameveske... her er noko for dei fleste.

NorgesglasNorgesglas kan nyttast til å hermetisere mat, til å oppbevare ting på - utan lok er dei fine til lys eller blomar.

KlesrulleTekanne, krukker og ei klesrulle frå tidleg på femti-talet.

Dette er berre nokre av skattane du kan kjøpe i helga. Dei fleste andre skattane har vi ikkje fått endå, men dei kjem nok i løpet av veka.

Ein vert svoltne av å handle på loppemarknad. Då passar det bra at det vert sal av kaker og smørbrød i kjellarstova på bedehuset.

Loppemarknaden held ope laurdag 29. sept. kl. 11.00 - 16.00 og søndag 30. sept. kl. 13.00 - 16.00.

Velkomne til ein god handel!