Mandag 24. - fredag 28. september vil det vere folk til stades på Sæbø bedehus kvar kveld kl. 18.00 - 21.00 for å ta imot "lopper".
Denne fela har nok sett betre dagar, men ein nevenyttig person kan kanskje sjå seg syn med å fikse den? Fela ligg i ei flott trekasse.
Ein campingstol i ekte retrostil.
Flott handarbeid, metallboksar, dameveske... her er noko for dei fleste.
Norgesglas kan nyttast til å hermetisere mat, til å oppbevare ting på - utan lok er dei fine til lys eller blomar.
Tekanne, krukker og ei klesrulle frå tidleg på femti-talet.
Dette er berre nokre av skattane du kan kjøpe i helga. Dei fleste andre skattane har vi ikkje fått endå, men dei kjem nok i løpet av veka.
Ein vert svoltne av å handle på loppemarknad. Då passar det bra at det vert sal av kaker og smørbrød i kjellarstova på bedehuset.
Loppemarknaden held ope laurdag 29. sept. kl. 11.00 - 16.00 og søndag 30. sept. kl. 13.00 - 16.00.
Velkomne til ein god handel!
Kommentarar