Sauedalen 052 copy
"Kompis" skal vere med i landsprøva for gjetarhundar på Rise til helga.

Møter du opp på Rise laurdag 29. og/eller søndag den 30. september får du sjå nokre av dei beste gjetarhundane i landet i aksjon. Til helga vert det nemleg arrangert landsprøve for gjetarhundar.  Det er ein av arrangørane, Odd Bjarne Bjørdal, som seier dette til hjorundfjord.no.  Odd Bjarne opplyser at han og dei andre deltakarane vil setje stor pris på om folk møter opp for å sjå på.  Møt opp ved dei gamle Risetuna, oppmodar Odd Bjarne.

Sauedalen 006 copy
Odd Bjarne Bjørdal og "Kompis" på veg mot Saudedalen for å sanke sauer tidlegare i haust.  Norangsfjorden i bakgrunnen.


Det kjem deltakarar, rundt 50 i alt, frå alle vestlandsfylka, samt Vestfold og Oppland.  Oppstart vert allereie laurdag klokka 09, men ein vil få med seg aktivitet i den oppsette løypa heile  laurdagen og heile søndagen.

- Vel møtt til alle, avsluttar Odd Bjarne.