Hurtigrutepanorama frå tua på Hustadneset.
Vi var svært fornøgde både med vêret og med utsikta vi som velgde å gå på tua på Hustadneset denne historiske dagen.
Nikolai feira 9 års dagen sin i dag, for ei feiring!
I tillegg var det: Aslak, Olai, Torbjørn, Bente, Marit, Terje med Theo,
Trass dårlege meldingar var vi ein flokk på elleve stykkje som tok turen til tua på Huatadneset for å markere hurtigruta sin fyrste tur til Hjørundfjorden.
Håvard, Arne og Steinar skulle eigentleg på Storehornet, men då verutsiktene var så usikre tok dei turen til tua på Hustadneset i staden for.
Det var ekstra kjekt.
Då vi kom opp til mastene fann vi ein flott plass å lage bål på.
Vi hadde med ved, tennvæske, greinsaks og sag, så no var det berre å lage bålet.
Vi gjekk i gong med å sage, rydde, bygge bål og lage klar plass til blussa.
Nede ved Lissehaugen hadde Jorunn, Jakob og Peder laga eit bål også.
Bålet var klart, no var det berre å vente på MS Trollfjord.
Olai speidar utover fjorden.
Sveitten rann, og vi venta utolmodig på teikn.
Aslak tenner bålet, no kjem MS Trollfjord!
Få fart på bluss, bål og fargerøyk no er ho ved Trandal.
Bluss, og røyk ja no var det ei stund vi var så ivrige at spørsmålet var kvar er Hurtigruta?
Jaudå vi hadde full kontroll, majestetisk kom ho innover fjorden med Hjørundfjord ved sida.
Vi såg signal frå Leknesnakken, Skår, tua på Sæbøneset og Skaret.
Her er ei helsing frå tua på Sæbøneset, fantastisk utsikt.
(foto: HIlde)
Nora og Martine helsar med bluss frå tua på Sæbøneset.
(foto: Hilde)
Haldis helsar med bluss frå Skaret.
(foto: Ann Helene)
Ann Helene med fargerøyk frå Skaret.
( foto: Anne Helene)
Vi fylgde med på ferda, ho runda Lekneset.
I stranda på Lekneset var der også folk som markerte festdagen.
Nikolai og Aslak kunne nyte panoramautsikta frå si velvalgde tribune.
Litt kakao og mat måtte vi ha no.
Terje og Theo kunne også slappe av og nyte litt mat.
Alle vi andre roa oss også ned med mat og kaffi.
Olai brettar opp ermane og kastar meir ved og einer på bålet, medan vi fyljer med på manøvreringa til Trollfjord.
Ho var nokså nær land på Urke for å finne ankerfeste.
Når showet var over og vi hadde fått i oss maten,
måtte dei fleste av oss opp å skrive oss i boka på toppen.
Dette var ein stor dag , tenk å få nyte dette vakre synet
i dette vakre veret, frå denne
panoramautsikta.
Guuri malla kor heldige me e!