Høner II 008 copy
Hanen (til høgre), ein jærhane av den mest fornæme kvaliteten, treng ein ny
høne
flokk å sjefe over.  Er du interessert?

Ja, vi har mangedobla talet på høner dette året, men eg må nok vedgå at vi likevel ikkje har så mange som Magne nede på Rise, men 9 høner er vel ikkje så verst - særleg når ein berre hadde to før?

Veit vi at hanen vil få ein god hønseheim, gjev vi han bort gratis.  Ta berre kontakt, ring evt. tlf.nr. 920 39767.

Hanen det er snakk om, ein jærhane som er fødd på Vang på Hedemarken dette året, er av topp kvalitet.  Og ein må hugse på at jærhønsa er den einaste norske gjenlevande landrasen av høns.  Og hanen det er snakk om, må vere eit kvalitetseksemplar.  Likevel - to hanar på 9 høner vert i meste laget og det er nettopp difor vi no gjev han bort.

Høner II 003 copy
Jærhanen som treng ny heim.

Ein liten quiz til slutt:

På det første fotoet i artikkelen ser du fleire høner og ein hane.  Kor mange rasar ser du og kva heiter dei?