Kvivstunnelen ope for folk søndag 16 september


Vegvesenet hadde invitert folk til å sjå kva dei hadde styrt med det siste året. Frå Sunnmøre kom folk av huse, og midt i tunnelen, eller katedralen som prosjektleiar Pladsen ville kalle det, møtte ein folk av huse frå Nordfjord også, og det vart eit historisk treff med gudsteneste og underhaldning. Og i tillegg spanderte Pladsen og co pølse med brød og kaffi og kake.

P1020469_1

Folkevandringa inn i sjølve Kvivstunnelen var godt i gang ved 11-tida søndag føremiddag, og frå nordsida vart folk møtt med korpsmusikk i opninga.

P1020470_1 P1020471_1
Flott korpsmusikk møtte oss i porten frå Kalvatn

Tunnelen er lys og fin med ny asfalt og topp
sikkerheits utstyr for brann og varsling.

P1020475_1

Ca. 3,5 km inni tunnelen hadde Sunnmøringen og byggmeister Inge Kolås stand. Her i samtale med Sigve Aklestad.

P1020494_1 P1020495_1
Bjørke og Skjåstaddalen vert etter vegopninga eit
nytt satsingsfelt der nordfjordingane vil nå sunnmørs-kysten med hytte og båt.
Det var ein imponerande stand dei hadde fått på plass frå Bjørkeområdet..

I tunnelen forbi "Katedralen" mot Grodås var det bilutstilling av nye biler. Her var det bilforretningar frå Sunnmøre og Nordfjord som kappast om å verte sett og det mangla ikkje på bilar. Her var kanskje mellom 100- 150 nye biltypar utstilte. Ei imponerande utstilling.


Kl.12.00 - Gudsteneste på tvers av fylkesgrensa.

Heile fem kor deltok ved den underjordiske gudstenesta. Fire prester frå like mange prestegjeld deltok også, og tema for den kyrkjelege seremonien var «lys i tunnelen». Kora var Volda kyrkjekor, Ørsta kyrkjekontor, Horindal Songlag, Frostskoddekoret, Stryn blandakor. Kora vart leia av Henny Koppen, Stryn og Bert Handrick frå Volda.

Fyrst var det "klokkeringing" med tunnellbor ved Statens vegvesen, så hadde Oddbjørn Pladsen ei innleiing ilag med kyrkjeverje i Horindal Anne Lødemel honningsvåg.

Som Preludium vart det kultur med speling på lur av Lars Kvam Karbø og Håkon Kjelstad, Sunnylven.

Etter salme var det nådehelsing ved soknepresten i Hjørundfjord, Rolf Dyrhol og klokkar i Austefjorde, Nils Håvik.

P1020483_1

Frå "katedralen" inni fjellet var det samla kanskje over tusen menneske. Ei historisk gudsteneste der kyrkjelyden var samansett av folk frå Nordfjord og Sunnmøre. Bilde viser ein del av forsamlinga mot Grodås.


Skriftlesinga vart lesen av Oliver Haugen, Hornindal og Eline Korsnes Sundal, Austefjord. Preika sto sokneprest i Austefjord Kjell-Roger Isene for. Så fekk vi vakker solosong ved Kristin Frivold. "Eg veit i himmelrike ei borg"

Etter truvedkjenning og salme var forbøna ved Ragnhild Aarflot, Volda og Jorunn Anne Tomasgard, Horindal ilag med sokneprest Dyrhol og tidlegare sokneprest i Horindal, Jon Ytrehorn. Postludiumet var "Vårsøg" av Henning Sommero, spelt av Torben Reinke frå Stryn på saxafon.

P1020479_1

Ei gudsteneste som vert huska i lang tid framover.

P1020490_1

Førbøna var lesen av vår eigen sokneprest Dyrhol

Etter gudstenesta var det informasjon om tunnelen ved Oddbjørn Pladsen frå Statens Vegvesen før det vart kulturinnslag frå Volda, Horindal, Ørsta, Stryn kommuner.

Kvivsvegdiplom

Alle fekk deltakardiplom.