I alle høve for dei av oss som er interessert i hurtigruter, har det vore reine julehøgtida siste dagane.  Det er tydeleg at hurtigrutene sine seglasar inn  Hjørundfjorden har vore populært både hos oss som bur her, hos passasjerane/ turistane og mannskapet ombord. Mannskapet har nemleg vore svært ivrige til å fotografere - dei også.

Hurtigruten IV 027 copy
Fredag den 21. september var det MS "Nordkapp" spm vitja oss.

Og hurtigrutene har heldigvis skapt aktivitet.  Guidane rosar betjeninga på Hotell Union på Øye, bussjåførar og alle andre som har teke mot passasjerar på utflukter t.d. til Lygnstøylvatnet.  Vår eigen skyssbåt, MS "Hjørundfjord" med skipper Oddvar Olsen i spissen har hatt travle dagar med å frakte passasjerar i land på Urke frå hurtigruta, men alt har gått glimrande.

Hurtigruten IV 090 copy Hurtigruten IV 094 copy
MS "Hjørundfjord" frakta også rullestolbrukarar trygt til land på Urkekaia.

Det er berre ein ting å gjere; slå fast at Torbjørn Urke og dei andre planleggarane/guidane har gjort ein glimrande jobb.  Det same har alle andre "bakmenn"gjort, men det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at det har kome inn ei klage:

- Kvifor har kontoret til hamnefogden i kaihuset på Sæbø  vore ubetjent nokre timar eit par dagar?  Er det ikkje viktig at kontoret er bemanna når hurtigruta er i fjorden?  Dette er eit par av spørsmåla som har vore stilte. Og berre for å slå det fast - det er hamnefogd Thomas Hustad som har vore sakna.

Men alt har ei forklaring.  Også ein hamnefogd må vere til stades når hurtigruta er der, og hurtigruta har stort sett vore på Urke i Norangsfjorden.  Det seier seg då sjølv at Thomas også har vore der eit par gonger.  Thomas har gjort jobben sin og han har også vore fotomodell for tyske turistar og andre.  Berre Thomas skal rulle seg ein ny røyk har turistane fotografert som galne, men det har nok vore ei oppleving for båe partar.

Hurtigruten VII 038 copy Hurtigruten VII 047 copy
Her ser vi Thomas og assistent Markus
Norangshol i aksjon.  Kåre Myklebust stilte både naust og utstyr til disposisjon.

Det er travelt å vere modell.  Edith(t.v.) stiller
med
ferske kanelbollar i pausen.  I midten Kåre Myklebust

Hurtigruten VII 044 copy
Kåre og Thomas i hyggeleg samtale.  Thomas gjer seg klar for neste busslast.

Det er berre ein ting å seie:  Takk til alle involverte for innsatsen.