Eitrefjellet, Nakkeløypa opp og bratthenget ned.
Vi gjekk utover turløypa mot nakkeløypa, forbi barnetrekket fekk vi sjå stablane med tømmer som er lagde der.
Kari, Fred, Lars Kjell, Ingebjørg og Ståle.
Ser vi oppom barnetrekket her, så vert hovudtraseet lite i forhold til det stykket som no er rydda skog på, løypetraseet kan no verte minst tre gonger så brei.
Gigantiske stablar med tømmer.
I løpa utover mot Nakkeløypa er det djupe furer etter skogsmaskiner, veiter på ein halv meter somme stadar.
Hadde det vore vår kunne vi kansje sett potetene her?
Ein liten pust midt i Nakkeløypa, nedom ser vi Statnett sine maskiner i full drift med bygginga av trafostasjonen, for 420kw linja.
Kari og Lars Kjell på veg oppover bratta.
Ståle og Ingebjørg vel halvvegs i Nakkeløypa.
No er utsikta verdt å nyte, Åmdalen med Vatne-vatnet i bakgrunnen.
Oppover ser vi mot Veirahaldet.
Ståle og Ingebjørg med Hestehornet i bakgrunnen.
Mot Åms-nipa og Ørsta, no såg vi at det låg tjukke regnbyger
både i Volda og Ørsta, men vi hadde lett duskregn.
Melshornet i regn bak oss.
Fin rås å gå i, og vi hadde godt tempo.
Eit lite nostalgisk minne dukka opp i råsa, nokon som ser kva det er?
Nesten oppe på Eitrefjellet, øvste tidtakar/startbud i bakgrunnen.
Bak oss var restane etter "sykkelbrua" oppbrende.
Fred med Nottane i bakgrunnen.
Her kjem gjengen over kulen, no er vi oppe på Eitrefjellet.
Ly fann vi på verandaen på kafeen, for på Eitrefjellet bles det rett friskt.
Lars Kjell, Kari, Bodil, Ståle, Fred og Ingebjørg.
No rusla vi nedover att, då kom skodda brått og tjukk.
Men i neste nu , var ho vekke att.
Skoddedottane kom og for i den friske vinden.
Det går raskt nedover i Bratthenget.
Her utover mot skogen er det løypa kan verte mykje breidare, vi gled oss.
Ja no er det berre å vente på snøven og kalde skidagar,( om ei stund då.)
Rask og flott tur, vi var trass alt heldige med veret.
Minner om turmarsj på Elverampa laurdag kl 1500, kom å bli med.
Neste mandagstur er Olavshola, vi vil vone det vert godt vêr.
Takk for laget for denne gongen og Vel møtt!
Kommentarar