Velkomst og gåve til våre nye naboar.
Denne våren har bebuarane på Hjørundfjorheimen
fått fylje med på oppussinga av hotellet.
Vi er alle glade for at det no er I drift, og vi gled oss over å ha fått nye naboar.
Arthur og Audun har med gåve til Hege (hotelldirektør).
Tonje, Leif, Stine, Solveig, Anna, Arthur og Hege.
Kan hende vi snart må bort å smake på maten også.
Litt anna!
Margit steller blomster, og passar på å vatne.
Systrene Elsie og Alvhild, to vakre roser.
Den stolte oldemora Sylvi beundrar oldebarnet sitt.
Espen syng og underheldt til oss, og si stolte oldemor Anna.
Her er sit knippe damer som nyt sola og utsikta mot fjorden.
Haldis, Anna, Sylvi og Liv.
Liv og Sylvi tek seg ein tur på kaia og kosar seg med ein is i varmen.
Leif synest det smakte godt.
Inger syntest is må til i seinsommarvarmen.
Borghild vil fiske, og ventar på napp.
Leif kjenner at det ristar i troda, er det makrell ska tru?
Jau, Borghild kan konstantere at det vart to makrellar.
Hagefest i Follestaddalen.
Reidar og Inger Johanne inviterte på hagefest.
Mange ville vere med og det vart dekka på til alle.
Sylvi og Audun i verandakråa.
Jofrid, Margit, Anna Elise, Sigrunn, Marie, Karen, Karoline, Inga og Johanne.
Damene storkosa seg på tunet fram på Follestad.
Så er vi heime att.
Tre vakre damer i sola på verandaen, reine senjoritastemninga.
Festkledde damer som kosar seg inne når veret ikkje er heilt bra ute.
Anna, Reidun og Solveig.
Solveig er alltid blid.
Ripsplukking.
Liv synest det er kjekt å få plukke rips i fineveret.
Leif let ikkje noke kome vekk , eller vere att til trasten.
Ragnar ser at det veks i spanna, dette vert god sylte.
Godt fornøgde med fangsten, Liv, Leif og Ragnar.
Fjøstid!
Knut tok i mot oss i fjøsen ein føremiddag.
Inger var ikkje så glad i fjøslukta.
Borghild kosa seg og mata kalvane.
Leif hadde full jobb med å mate kyrne, dei strekte villeg hals.
Audun var imponert over ein slik nymoderne fjøs.
Arne let kalvane syge på fingrane, det kitla syntest han.
Kjekt at vi har fjøsen så nær, vi er alltid velkomne til gards.
Eit "oppløftande" bilde til slutt.
Her ein leksjon om korleis vi bruker ei ståheis.
Marianne, Jørn og Tonje.
Vi vil minne om at:
Tilsette, pasientar og pårørande er velkone
til Hjørundfjordheimen 1 etg
Fredag 21 september kl 1500.
Markering av Demensdagen.
Anne Sofie vil seie litt om utfordringar når demens råkar.
Sang og musikk ved Tone Rustestuen Aarhus.
Flylkesleiar Kari Ristesund m.fl. vert tilstades.
Kaffi og Kaker.
VELKOMNE!
Kommentarar