Søndag er det gudsteneste i Hjørundfjord kyrkje og dette er ei av dei gudstenestene som kjem litt seint på dag. Tidspunktet er kl. 16.00, i god tid etter dei fleste er ferdige med søndagsmiddagen. Det er også den 15. søndag i Treiningstida.

Gudsteneste er ved sokneprest Rolf Dyrhol og det vert nattverd og offer. Offeret går denne dagen til Møre misjon. Men eit av høgdepunkta denne søndagen, er at den no nyleg pensjonerte klokkar, kyrkjetenar, sekretær for soknerådet, gjennom dei siste 10-15 åra, Eldbjørg Tvergrov skal heidrast. Soknepresten har sjølv spurd Eldbjørg om ho kan være klokkar denne spesielle dagen hennar.

Gudstenesta er ei ordinær handling, men kyrkjeverje Steinar Sætre vil delta og gje  Eldbjørg ei oppmerksomheit. Kyrkjeverje er dagleg leiar på kyrkjekontoret og sekretær for Ørsta kyrkjelege Fellesråd som har ansvaret for kyrkjene og arbeidsgjevaransvar for dei ansatte på kyrkjekontoret og i kyrkja. Kva han vil kome med veit vi ikkje, men han vil sikkert seie nokre ord og takke Eldbjørg for desse åra ho har hatt kyrkja som sin arbeidsplass sidan 1997.Det fyrste året som sekretær.

Organist og Kyrkjetenar redusert_1

Dei to kvinnene som ofte har arbeidd ilag i gudstenestene, ilag med soknepresten.

T.v: organist Marie Austrheim og Eldbjørg Tvergrov - Foto feb. 2010


Fest på Bedehuset

Avskil med Eldbjørg sluttar ikkje med gudstenesta, for etter høgtida i kyrkja vert det innbode til fest på Bedehuset, og her vert det Hjørundfjord sokneråd som rår grunnen. Det er soknerådet som er ansvaret for dei kyrkjelege handlingane og innhaldet i gudstenestene ilag med soknepresten, og det er dette rådet som Eldbjørg har vore sekretær i.

I kjellarstova på bedehuset vert det songinnslag, god mat/ servering, det vert takketalar og  ordet fritt m.m.

Eldbjørg har gjennom desse åra vore ein aktiv og fargerik person og har hatt arbeid med konfirmantar og ellers dei kyrkjelege handlingane i lag med kyrkjetenararbeidet. At det til tider har vore lett og god stemning rundt noværande pensjonist har vore positivt, og med god porsjon av sjølvironi når det har vore nokre små feilsteg. Dette kan fort verte tema i talane som kanskje kjem i feststunda, ilag med å minnast det viktige arbeidet ho har gjordt.

Vi ynskjer alle og spesielt Eldbjørg velkomne til ei feststund på komande søndag.

Dei heile begynner kl. 16.00 i kyrkja!

Vel møtt

Hjørundfjord Sokneråd